Internkontrollforskrifta - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Internkontrollforskrifta

Internforskrifta skal sørgje for at lover og forskrifter i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga som gjeld for verksemda, er tilgjengelege. Forskrifta fortel oss meir konkret kva internkontroll går ut på, og kva krav som blir stilte til den einskilde verksemda.

Internkontrollforskrifta skal sjå til at arbeidstakarane har nok kunnskapar og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet, medrekna informasjon om endringar. I helseinstitusjonar handlar dette til dømes om arbeidsmiljølova, forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn, forskrift om næringsmiddelhygiene og forskrift om miljøretta helsevern i helseinstitusjonar.

Internkontroll

For at krava til internkontroll skal vere oppfylte, må ein sjå til at alle arbeidstakarar til kvar tid har fått informasjon og opplæring. Dersom helseinstitusjonen til dømes har kjøpt inn nye senger som det er mogeleg å heve og senke for å førebyggje muskel- og skjelettplager blant dei tilsette, kjem dette berre til tilsette til gode dersom dei får opplæring i korleis dei skal bruke sengene, og korleis dei kan tilpasse sengene til kvar enkelt.

Samarbeid om helse- , miljø- og tryggleik (HMT)

Eit godt HMS-arbeid føreset at leiar og tilsette samarbeider. Ein må gjere det mogleg for arbeidstakarane å medverke, til dømes ved å gjennomføre personalmøte og medarbeidarsamtalar. Aktuelle tema kan vere korleis arbeidsdagen skal organiserast, korleis arbeidsoppgåvene skal fordelast, kommunikasjon og informasjonsflyt.

Mål for HMS-arbeid

Arbeidsplassen må velje seg nokre mål å jobbe mot. Desse måla må ein dokumentere skriftleg, og helseinstitusjonen kan til dømes ha som overordna mål: "Helseinstitusjonen vår skal verne mot personskadar". Da kan eit tilhøyrande delmål vere: "Avdelinga vår skal bevisstgjere alle tilsette om ergonomi ved at alle tek del på kurs".

Oversikt

Dette inneber å ha ei oversikt over korleis arbeidsplassen er organisert. I tillegg skal ein også dokumentere korleis det blir jobba med helse, miljø og tryggleik, og korleis ansvaret er fordelt mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Somme arbeidsplassar har også verneombod og arbeidsmiljøutval.

Kartlegging

Ein må kartleggje risiko ut frå tilhøva på arbeidsplassen, og dette skal dokumenterast. Kartlegginga avslører kva tilhøve i helseinstitusjonen som kan utgjere ein fare for bygningen, for dei tilsette og for pasientane.

Kartlegginga utgjer grunnlaget for dei førebyggjande rutinane som må utarbeidast. I tillegg må ein utarbeide handlingsplanar for kva ein skal gjere om uønskte hendingar likevel skulle oppstå, til dømes: «Når ein tilsett skadar seg.» Eit anna døme på risikokartlegging kan vere å sjå etter teikn på moglege brannfarar, og ein kan da bruke ei sjekkliste.

Rutinar og systematisk oppfølging

Dette inneber at arbeidsplassen har eit system som fangar opp avvik. Eit avvik er til dømes når rutinar ikkje blir følgde, når opplæringa er mangelfull, eller når det oppstår ein skade. Til avviksrapportering kan ein bruke eit skjema som kan fyllast ut av den som oppdagar avviket.

Det må heile tida jobbast med helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen, og ei grundig kartlegging bør gjerast minst ein gong årleg. Verneombodet går vernerundar saman med leiinga ved helseinstitusjonen. I tillegg har Arbeidstilsynet jamlege inspeksjonar i dei ulike verksemdene.

Skrive av Birgit Flaten. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.02.2020