Fagstoff
Video
Helsesekretær
Som helsesekretær er du ofte den første som møter pasientar som oppsøkjer legekontor, sjukehus eller andre behandlingsstader. I denne filmen (lengde 2:46) kan du lære om utdanninga, arbeidsoppgåver og naudsynte eigenskapar for ein helsesekretær.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
Helsesekretæren har ein ofte ein hektisk arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver, både helsefaglege og administrative. Vanlege oppgåver er å svare på førespurnader frå pasientar og pårørande, vurdere hastegrad og setje opp timeavtalar. I tillegg skal helsesekretæren ta prøver, gjere enkelt sårstell og andre prosedyrar.
Utfordringar til deg
Sjå filmen og bruk han og lenkjene under for å svare på desse spørsmåla.
- Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli helsesekretær?
- Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
- Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein helsesekretær?
- Kva for nokre moglege arbeidsstader kan du finne for ein helsesekretær?
- Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi og HMS i jobben som helsesekretær?
Relatert innhald
Helsesekretær
Nettside hos utdanning.no
Helsesekretær
Nettside hos vilbli.no