Fylkeskommunale helseoppgåver

Tannhelsetenesta
Tannhelsetenesta i Noreg består av ein offentleg sektor som først og fremst behandlar prioriterte grupper i befolkninga etter lov om tannhelsetenesta, og ein privat sektor. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for det offentlege tannhelsetilbodet.
Det første møtet mange har med norsk tannhelseteneste, er tannhelsekontroll på tannlegekontoret som barn. Innkallinga til kontroll er eit viktig førebyggande tiltak som skal framme god tannhelse i befolkninga. Ifølge lova skal desse prioriterte gruppene få regelmessig og oppsøkande tilbod om behandling i offentleg tannhelseteneste:
- barn og ungdom frå 0 til 18 år
- personar med psykisk utviklingshemming
- eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og under heimesjukepleie
- unge vaksne mellom 19 og 28 år
- andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere
Alle gruppene, med unntak av unge mellom 19 og 28 år, får gratis tannlegebehandling. Gruppene er lista opp i prioritert rekkefølge. Det betyr at denne prioriteringa skal følgast dersom det ikkje er nok ressursar til å behandle alle grupper.
Den offentlege tannhelsetenesta tilbyr òg undersøking og behandling til vaksne betalande pasientar viss det er ledig kapasitet. I Noreg blir 80 prosent av tannhelsetenestene utførte på private tannlegekontor.
Statsforvaltaren
Statsforvaltaren i kvart fylke skal på vegner av Statens helsetilsyn føre tilsyn og behandle saker der det er spørsmål om svikt i helsetenestene. Dei skal òg behandle klagesaker knytte til rett til helsetenester og overprøve vedtak om bruk av tvang. Statsforvaltarane har i tillegg oppgåver innan barnevern og smittevern, og dei skal formidle erfaringane sine frå tilsyn på vegner av Helsetilsynet.
Utfordringar til deg
Kvifor er det viktig med gratis tannhelseteneste til barn og unge under 18 år?
Kva er eigendelen for tannlegebesøk for bebuarar på sjukeheimar?
Kva oppgåver har Statsforvaltaren på vegner av Statens helsetilsyn?
Relatert innhald
Tannhelsetenestelova regulerer ansvaret til den offentlege tannhelsetenesta for å tilby tannhelsehjelp til enkelte grupper i samfunnet.
Å jobbe med lover og reglar blir meir interessant når du sjølv er aktiv. I desse oppgåvene kan du få ei betre forståing av tannhelsetenestelova.