Vi må sjå og våge å handle - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Vi må sjå og våge å handle

Du er viktig for barn og unge. Vi må vere interesserte i å finne ut korleis barn og unge eigentleg har det. Vi må sjå, spørje, lytte og prøve å forstå. Då kan vi både hindre mobbing og skape betre kvardagar for det enkelte barnet og barnegruppa.

I filmen under møter vi ungdomskontakten på Nesodden som fortel om korleis mobbing går føre seg, og korleis det kan førebyggast. Klipp frå jente- og gutegruppene dei har oppretta, viser korleis dei bruker aktivitetar som dans, mekking og spel i arbeidet med å skape eit godt ungdomsmiljø.

Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver

  1. Mobbing. Svar på spørsmåla og gi døme.

    1. Kva er mobbing?

    2. Kva er direkte mobbing?

    3. Kva er indirekte mobbing?

    4. Kva er nettmobbing?

  2. Korleis kan du oppdage mobbing ved å sjå på kroppsspråket til barna?

  3. Korleis kan du styrke sjølvkjensla og sjølvtilliten til barn og unge? Kvifor er dette viktig for å førebygge mobbing?

  4. På kva måte kan det å dele i jente- og gutegrupper bidra i det førebyggande arbeidet?
  5. På kva måte kan individuelle samtalar med den/dei som mobbar, den som blir mobba, og føresette bidra til å stoppe mobbing? Beskriv korleis du ville gjennomført slike samtalar.

  6. Kvifor er haldningane dine til mobbing viktig i det førebyggande arbeidet?

  7. Diskuter i klassen: Korleis kan de bidra til å førebygge mobbing?

Vaksne må tole å sjå og høyre og våge å handle

Filmen frå Redd Barna under handlar om korleis vi kan vere gode rollemodellar og bidra til at barn greier å bygge gode relasjonar seg imellom. Vi møter Johannes som går i barnehage, og mor hans som er bekymra fordi han har verka litt trist og lei i det siste. Etter kvart får ho Johannes til å opne opp og setje ord på korleis han har det. Det viser seg at ein gut i barnehagen, Lukas, klyper og slår Johannes. Korleis kan mora og dei vaksne i barnehagen hjelpe Lukas og Johannes til å få eit betre forhold? Filmen er basert på sanne historier, men attskapt av skodespelarar.

  1. Kvifor er det så viktig at vi ser kva som skjer i samhandlinga mellom barna? På kva måte kan du sjå kva som går føre seg mellom barn? Forklar, gi døme og grunngi.

  2. Vi må våge å handle for å stoppe mobbing. Korleis kan du stoppe mobbing? Forklar, gi døme og grunngi.

  3. Over halvparten av barn og unge som mobbar, har blitt mobba sjølve. Dei kan ha lågt sjølvbilete, og dei kan ha det vanskeleg heime.

    Korleis kan du møte barn som mobbar, på ein god måte, slik at dei opplever at dei er verdifulle, samtidige som du skal stoppe det dei gjer? Forklar, gi døme og grunngi.

  4. Det er viktig at barn og unge seier frå om mobbing.

    Korleis kan du oppmuntre barn til å seie frå, og korleis kan du opptre for at barn får tillit til deg og opplever at det er greitt og trygt å seie frå? Forklar, gi døme og grunngi.

  5. Barn og unge som opplever mobbing, kan ofte oppleve skuld og få dårleg sjølvkjensle, noko som kan gjere det vanskeleg å fortelje om mobbinga.

    Korleis kan du samtale med barn slik at dei opplever tryggleik og tør å fortelje deg om opplevingane sine? Forklar, gi døme og grunngi.

  6. "Korleis har du det eigentleg?" er eit spørsmål der vi signaliserer at vi er interesserte i å finne ut og forstå meir enn det barnet fortel og viser oss gjennom kroppsspråket.

    • Kvifor betyr det spørsmålet så mykje for barn og unge?

    • Kvifor er dette eit spørsmål du bør nytte for å førebygge og stoppe mobbing?

    • Kvifor er det viktig at du gjer noko, når du har funne ut korleis barnet har det?

Skrive av Siv Stai. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 23.10.2021