Hopp til innhald
Fagartikkel

Tryggleikssirkelen – behova til barn

For å kunne hjelpe og støtte barn på ein god måte treng vi å forstå behova til barnet og kva som ligg bak åtferda til barnet. Kva treng barnet at du gjer i den situasjonen det er i, slik at det opplever tryggleik, nærleik og omsorg?

Tilknyting og utforsking

Å skape gode relasjonar og ei trygg tilknyting mellom deg og barnet er grunnleggande for å kunne utføre eit godt arbeid med barn og unge. For å skape gode, utviklingsfremmande relasjonar og ta vare på barna sine behov for omsorg og tryggleik må vi forstå kva behov barna har. Når vi forstår kva behov dei har, og òg kva som ligg bak åtferda til barnet, har vi moglegheit til å hjelpe og støtte barnet på ein god måte.

Barn og unge har to grunnleggande behov:

  • behov for vern og omsorg, tilknyting

  • behov for å undersøke og meistre verda, utforsking

Vi kan beskrive tilknyting som det sterke bandet som blir danna mellom barnet og nære omsorgspersonar, der det opplever tilhøyrsel. Barnet kjenner at det høyrer til saman med andre. I denne relasjonen vil barnet eller ungdommen oppleve at det får hjelp med dei kjenslene det har, og dei lærer òg korleis dei kan vere og opptre saman med andre.

Denne tilknytinga påverkar kva oppleving barnet eller ungdommen får av seg sjølv – sjølvkjensla. Er eg verd noko? Når barna merkar at dei vaksne bryr seg om dei og respekterer og anerkjenner kjenslene og åtferda deira, vil dei utvikle ei trygg tilknyting til omsorgspersonane.

Barn og unge møter då vaksne som har godheit, varme og kjærleik for dei, og som aksepterer og toler kjenslene deira. Slike vaksne hjelper barnet til å regulere og handtere negative og sterke kjensler, slik at dei kan roe seg ned og få tilbake kjensla av indre ro og tryggleik. Barna vil dermed oppleve at det er ein trygg stad å vere. Her vil dei få hjelp, støtte, vern og trøyst når dei har behov for det. "Her blir eg godteken slik eg er." Barn som opplever denne tilknytinga, vil vere trygge til å utforske verda på sin måte, fordi dei veit at dei har nokon dei kan gå til dersom kjenslene blir for sterke eller dei har behov for merksemd og nærleik.

Tryggleikssirkelen

Tryggleikssirkelen, Circle of Security, vart i utgangspunktet laga for å formidle tilknytingsteori til foreldre som strevde. Modellen viser viktige moment som vi veit er tryggleiksfremmande, og som kan vere til hjelp for oss i møte med barn. I dag blir tryggleikssirkelen nytta som eit verktøy og er til god hjelp òg i arbeid med barn og unge i barnehagar, skular og SFO, fritidsklubbar og barnebustader.

Utfordringar til deg

  1. Kva må du gjere for å skape ei god tilknyting mellom deg og barnet?

  2. Kva har tilknyting å seie for læringa og utviklinga til barn og unge?

  3. Kva betyr utviklingsfremmande relasjon?

Kjelder

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2013). Se barnet innenfra. Hvordan jobbe med tilknytning i barnehagen. Kommuneforlaget.

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2016). Se eleven innenfra. Relasjonsarbeid og mentalisering. Gyldendal Akademisk.

Drugli, M. B. (2014). Emosjonell utvikling og tilknytning. I V. Glaser, I Størksen & M. B. Drugli (Red.). Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 47–73). Fagbokforlaget.

Relatert innhald

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2023