Oppgave
Stans av blødingar
Det er viktig å kunne skilje mellom ei alvorleg bløding og ei ufarleg bløding. Når du har identifisert alvorsgrada, må du vurdere kva tiltak du vil setje i verk.
- Finn ut kva som er forskjellen på ei alvorleg bløding og ei ufarleg bløding.
- Beskriv enkle prinsipp for å stoppe ei bløding.
- Kvifor er det viktig å gjere raske og riktige tiltak ved ei stor bløding?
- Ein ven av deg har falle på sykkel. Han hadde på seg shorts då han fall. Du ser at han har fått store skrubbsår på begge knea. Beskriv korleis du ville behandla såra.
- Beskriv kva utstyr som bør vere i eit førstehjelpsskrin.
Gå saman to og to eller i gruppe. Demonstrer korleis du utfører ein blødingskontroll på armen til ein medelev
- når du har bandasje tilgjengeleg
- når du ikkje har tilgjengelege bandasjar