Snakke med barn om omsorgssvikt - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Snakke med barn om omsorgssvikt

Vi skal ta barn og unge på alvor. Vi som jobbar med barn, må bruke tid og kreativitet for å finne forståelege måtar å snakke med dei på om det komplekse temaet omsorgssvikt. Det er òg viktig at vi faktisk tør å snakke om dei vanskelege temaa.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

For barn og unge som har vore utsette for omsorgssvikt, er det viktig å møte vaksne som stiller dei rette spørsmåla. Mange gonger vegrar dei vaksne seg for å nytte ord som er tabubelagde. For at du skal bli ein god vaksen samtalepart for barnet, må du våge å seie dei vanskelege orda høgt. Når du klarer å snakke med barnet og møte det vanskelege, vil det lettare kunne opne seg for deg.

Oppgåver

  1. Kva tema synest du det er vanskeleg å snakke med barn om?
  2. Kva tenkjer du om at nokre barn og unge blir utsette for grove gjentekne seksuelle overgrep?
  3. Kva tenkjer du om å nytte bøker til å snakke om vanskelege tema med barn?
  4. Kva vil det seie å ta barn og unge på alvor?
  5. Kva synest du om at enkelte som jobbar med barn og unge, vegrar seg for å gå inn i vanskelege samtalar med dei?
  6. Kva reiskap som vi kan nytte for å få til ein samtale med barn og unge, kjenner du til?
Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020