Skulefritidsordning (SFO) - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Skulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordninga er tilbod som kommunane skal gi før og etter skuletid til barn på 1.–4. årstrinn og til barn med særskilde behov på 1.–7. årstrinn. Det er eit frivillig tilbod.

Skulefritidsordning (SFO)

SFO er ein viktig fritidsarena for barn frå første til fjerde trinn i barneskulen og for barn med behov for særskild tilrettelegging frå første til sjuande trinn. Det skal leggast til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i interessene, alderen og funksjonsnivået til barna. SFO skal vere ein trygg plass for barna der dei får omsorg og tilsyn før og etter skuletid.

Skulefritidsordninga skal vere eit inkluderande fellesskap der barn opplever likeverd, sosial tilhøyrsel og sosialt fellesskap med andre barn og personalet. Dette føreset respekt for forskjellar og anerkjenning av mangfald.

Skulefritidsordninga kan tilby tilrettelagde aktivitetar som støttar opp under innhaldet i skulen, til dømes leksehjelp.

Innhald

Innhaldet og arbeidsmåtane i skulefritidsordninga skal bygge på verdigrunnlaget som er fastsett i opplæringslova, prinsippa for grunnopplæringa, barnekonvensjonen og ILO-konvensjonen. Verdigrunnlaget skal bli formidla, praktisert og erfart i alle delar av arbeidet.

Alle barna som er på SFO, skal oppleve eit trygt og godt miljø som fremmar helse, trivsel og læring. Det skal leggast til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom personalet og barna, og barna skal oppleve at deira eigne omsorgshandlingar blir verdsette. Omsorg er ein føresetnad for tryggleiken og trivselen til barna og for utvikling av empati og nestekjærleik.

Leik

Innhaldet i skulefritidsordninga skal ha stor vekt på sjølvvald leik og annan barnestyrt aktivitet. Det skal kvar dag vere tid og rom for leik både ute og inne. Leik inspirerer og engasjerer både i aktivitet og til aktivitet. Deltaking i leik kan stimulerer til vennskap, relasjonsbygging, språkutvikling, undring og kreativitet.

Det fysiske miljøet, innhaldet og arbeidsformene i skulefritidsordninga skal støtte opp under lysta barna har til å leike, skape, utforske og meistre. Dei tilsette skal anerkjenne dei allsidige erfaringane leiken gir, med moglegheit for utvikling og læring. Dei skal jamleg diskutere og reflektere over kva leik inneber, og korleis dei som ansvarlege for å legge til rette bør opptre i møte med leikande barn.

Vennskap

Vennskap er viktig for tryggleik og trivsel. Personalet på SFO skal støtte initiativet til barna til etablering av vennskap, anerkjenne vennskapsrelasjonane til barn og bidra aktivt til at alle barn får moglegheit til å utvikle vennskap.

Kultur og fritidsaktivitetar

Barna skal ha moglegheit til delta i ulike kunstnariske og kulturelle aktivitetar, og dei skal få støtte til å skape sine eigne uttrykk. Personalet kan bidra med tilrettelagde aktivitetar, men samarbeid med kulturskular og frivillige organisasjonar kan gjere tilbodet endå betre.

Barna skal ha moglegheiter til å velje og å prøve ut ulike fritidsaktivitetar i tida dei held til på SFO, både inne og ute. Døme på aktivitetar kan vere kor, leik, dans, forming, friluftsliv, fotball og ulike former for spel.

Det skal leggast til rette for at alle barn får delta i variert rørsleleik og fysisk aktivitet. Leikeplassen skal vere utforma og tilrettelagd med tanke på alderen, funksjonsnivået og interessene til barna. Lokalmiljøet som til dømes skogholt, andre naturområde og aktivitetsanlegg bør utnyttast til aktive utflukter.

Samarbeid

Det beste for barnet skal vere utgangspunkt for samarbeid. Dei føresette for barna er sentrale samarbeidspartnarar. Føresette skal oppleve personalet på skulefritidsordninga som tilgjengeleg, at beskjedar frå føresette blir følgde opp, og at dei får tilstrekkeleg med informasjon om tilbodet.

Skulefritidsordninga skal arrangere møte med føresette før og/eller etter skulestart. Innhaldet i SFO bør bli utforma i samarbeid med dei føresette.

Lover og reglar

§ 13-7 i opplæringslova slår fast at kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning for alle barn på 1.–4. årstrinn og barn med særskilde behov på 1.–7. årstrinn. Kapittel 9 a i opplæringslova om skulemiljøet til elevane gjeld òg for SFO. Barn skal ha eit trygt og godt fysisk og psykososialt miljø på SFO. Om eit barn opplever krenkingar eller mobbing, har dei tilsette ved SFO plikt til å handtere, stoppe og følge opp dette. Innhald og arbeidsmåtar skal fremme demokrati og verdsetje mangfald i eit inkluderande fellesskap.

Skulefritidsordninga skal ha vedtekter som kommunen lokalt fastset. Vedtektene skal som eit minimum innehalde informasjon om eigarforhold, opptaksmyndigheit, opptakskriterium, opptaksperiode, oppseiing av plassen, foreldrebetaling, leike- og opphaldsareal, dagleg opphaldstid, opningstider og bemanning og leiing.

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler gjeld òg for SFO.

Det er krav om politiattest for dei som jobbar i skulefritidsordninga, etter § 10-9 i opplæringslova. Tilsette på SFO har teieplikt og opplysingsplikt til barnevernet.

SFO skal ha ein årsplan som skal vere ein arbeidsreiskap for personalet, og han skal dokumentere val og grunngivingar for innhald og arbeidsmåtar i SFO. Årsplanen viser korleis personalet skal arbeide for å omsetje verdigrunnlaget til rammeplanen til praksis og gi informasjon til foreldre, myndigheitsnivåa, samarbeidspartane til skulefritidsordninga og andre interesserte om arbeidet til skulefritidsordninga.

Tilsette

Personalet i skulefritidsordninga skal ha kompetanse på dei områda som blir omtalte i verdigrunnlaget i opplæringslova og som særpregar skulefritidsordninga. Rektor skal vere leiar for SFO.

Talet på tilsette blir avgjort ut frå lokale forhold og behov. Det er ansvaret til kommunen å tilsetje eit personale som samla sett kan gi barna eit tilfredsstillande tilbod i samsvar med målsetjingane for SFO. Ofte har tilsette i SFO barnefagleg bakgrunn slik som barnehagelærar, barne- og ungdomsarbeidar, barnevernspedagog, sosialarbeidar, kulturarbeidar og/eller relevant erfaring frå praksis.

Utfordringar til deg

  1. Kva er SFO?

  2. Kva innhold skal det vere på SFO?

  3. Kven kan jobbe på SFO?

  4. Korleis trur du det er å jobbe på SFO?

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (2020, 16. juni). Innspillsrunde utkast til rammeplan for skolefritidsordningen [Høring]. https://hoering.udir.no/hoering/v2/1374

Utdanningsdirektoratet. (u.å.). SFO. https://www.udir.no/utdanningslopet/sfo

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022