Rasisme og kommunikasjon - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Rasisme og kommunikasjon

Sjå ein film der ungdommar fortel om opplevingane sine med rasisme. Kan du bruke kunnskap om kommunikasjon til å forstå og kjempe mot rasismen dei fortel om?
Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

1. Rasisme = dårleg kommunikasjon?

  • "Å bruke omgrepet kvardagsrasisme er dårleg kommunikasjon". Er du samd eller usamd i denne i påstanden? Grunngi svaret ditt.
  • Korleis forklarer Sahar Hassani omgrepet "subtil rasisme" i filmen?
  • Kva betyr det å bli framandgjort?
  • Kva slags råd kjem ungdommane i filmen med for kva vi kan gjere for å kjempe mot rasisme? Kva med dei vaksne som blir intervjua på gata?
  • Er det nokon forskjellar mellom svara?
  • Viss du fann nokon forskjellar i punktet over, kva trur du dette kjem av?

2. Kommunikasjon utan framandgjering og rasisme

Åleine eller i par:

Lag punkt med tips til korleis vi kan kjempe mot framandgjering og kvardagsrasisme eller subtil rasisme i kommunikasjonen. Bruk fagomgrep og fagkunnskap om kommunikasjon i kombinasjon med nye omgrep og kunnskap frå filmen.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2020