Meg eier ingen - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Meg eier ingen

I filmen Meg eier ingen følgjer vi Lisa gjennom oppveksten med den alkoholiserte faren, Hasse. Forholdet deira er rikt på kjærleik og omsorg, men dei lir begge under rusavhengigheita til faren. Filmen byggjer på boka med same tittel og er ei skildring av forfattaren Åse Linderborgs oppvekst.

Oppgåver individuelt eller i grupper

  1. Kva betyr god omsorg?

    1. Kva tenkjer du om den omsorga Lisa fekk av mora og faren sin?
    2. Kva tenkjer du at du, som barne- og ungdomsarbeidar, kunne gjort for å sikre Lisa god omsorg?
    3. Kva konsekvensar kan det ha for barn og unge å vekse opp med foreldre som ikkje gir dei god omsorg?
  2. Kva betyr det at barn og unge er lojale mot foreldra sine?

    1. Korleis blir det vist i filmen at Lisa er lojal?
    2. Kva teikn og symptom på at ho ikkje har det bra, ser du hos Lisa?
    3. Lisas historie byggjer på ei sann historie. Kva innverknad har det for barn og unge å vekse opp i ein heim med alkoholiserte føresette?
  3. Kva ligg i omgrepet omsorgssvikt?

    1. Kva for typa(r) omsorgssvikt blir Lisa utsett for? Grunngi kvifor du meiner det.
    2. Kvifor er det viktig å snakke med barn og unge om omsorgssvikt og gi dei informasjon om dette?
    3. Kva gjer du dersom du oppdagar at barn eller unge blir utsette for omsorgssvikt?
Skrive av Riborg Anna Ringereide. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020