Kunnskap om kjeldesortering - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kunnskap om kjeldesortering

Det er viktig å sortere avfall rett, både heime og på arbeidsplassen. Målet er å gjenvinne mest mogleg av avfallet.

Oversikt over avfallstypane som til vanleg blir sorterte

Systemet for avfallssortering kan variere frå kommune til kommune, men målet er alltid at mest mogleg av avfallet skal sorterast og gjenvinnast.

Papp og papir

På ulike institusjonar er det meste av papp- og papiravfallet emballasje. Emballasje som er nytta til mat, må vere fri for matrestar og anna smuss, og vi bør brette han saman så han tar så liten plass som mogleg. Nokre institusjonar sorterer papir, drikkekartongar og papp separat, andre skil ikkje mellom dei tre typane. Felles for alt papp- og papiravfallet er at det blir sendt til eit gjenvinningsanlegg slik at det blir til ny emballasje eller til nytt papir.

Glas og metall

Matvarer som er pakka i glas- eller metallemballasje, har ofte lengre haldbarheit. Derfor er desse emballasjetypane mykje brukte. Enkelte institusjonar sorterer glas og metall kvar for seg, andre sorterer dei to emballasjetypane samla. Både glas- og metallemballasje må vere vaska og fri for matrestar før han blir sortert og gjenvunnen. Drikkeglas, koppar og lyspærer må ikkje sorterast som glas eller metall.

Plastemballasje

Plastemballasje skal sikre råvarer og andre matvarer under transport eller auke haldbarheita. Produkt i plast og plastemballasje blir ikkje sorterte som same type avfall. For plastemballasje gjeld det same som for all annan emballasje: Plasten må vere vaska og fri for matrestar før han blir kasta. Mykje av plastemballasjen blir gjenvunnen til ny emballasje, ein del av plasten blir brend. Det er viktig at plast og plastemballasje ikkje endar opp i naturen. Per i dag veit vi ikkje om plast nokon gong vil brytast ned fullstendig, og uansett skaper plast i naturen store miljøutfordringar.

Matavfall

Matavfall er avfall som er organisk nedbrytbart. På institusjonar kan det bli mykje matavfall, til dømes frå matlaging og matrestar etter måltid. Målet er alltid å nytte mest mogleg av ei råvare slik at minst mogleg blir kasta. Emballasje og ikkje-nedbrytbart materiale må fjernast frå matrestane og ikkje bli kasta i matavfallet. I mange kommunar blir matavfall levert til forbrenningsanlegg som produserer energi og varme av avfallet. Nokre stader kjem bønder og hentar matavfallet og nyttar det som dyrefôr. Her finst det strenge reglar, som blir handterte av Mattilsynet.

Spesialavfall (elektronikk, batteri og metall)

Spesialavfall blir levert til eigne deponi eller gjenvinningsanlegg. ÒBehandlinga av spesialavfall er òg noko ulik i dei enkelte kommunane og fylkeskommunane, men målet er at mest mogleg av spesialavfallet skal komme til nytte. Det er òg viktig å unngå at denne typen avfall endar opp i naturen.

Farleg avfall

I institusjonar kan det vere noko avfall som må behandlast på ein måte som gjer at han ikkje blir ein fare for barn, elevar, tilsette eller miljøet. Det kan til dømes vere måling, vaskemiddel, olje eller gassflasker. Farleg avfall skal behandlast etter ei godkjend risikovurdering i IK-matsystemet til bedrifta eller skulen.

Restavfall

Målet med all kjeldesortering er at minst mogleg skal hamne i restavfallet. Om vi sorterer rett, skal det ikkje vere så mykje restavfall. Mykje av restavfallet må sorterast endå ein gong før det eventuelt blir brent til produksjon av energi.

Du kan lese meir om kjeldesortering og gjenbruk i lenkene i relatert innhald.


Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig at vi kjeldesorterer avfall?

  2. Kva avfall frå praksisstaden din kan bli gjenbrukt?

  3. Korleis kan du motivere andre til å kjeldesortere?


Relatert innhald

Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2021