Fagstoff
Film
Kvifor jobbe i barnehage?
Som barne- og ungdomsarbeidar må du ha fagleg kompetanse og vere engasjert og interessert i å arbeide med barn. I filmen under fortel ein barne- og ungdomsarbeidar om kvifor ho vil jobbe i barnehage.
Barne- og ungdomsarbeidar – eit samspel med gode venner
Nina er barne- og ungdomsarbeidar. I filmen (lengde 2:14) fortel ho om det ho er oppteken av i arbeidet med barn. Ho er oppteken av å sjå kvart enkelt barn og å få eit godt forhold til dei. Dei er veldig stolte av bie-prosjektet som bidreg til at barna vil ta vare på naturen. Slik blir barna i betre stand til å ta vare på miljøet i framtida.
Film: KS Ung / Avgrensa gjenbruk
Utfordringar til deg
- Kvifor kan leik og aktivitetar i naturen fremme evna barna har til å ta vare på naturen?
- Korleis kan du bidra til å skape nysgjerrigheit og undring over naturen?
- Korleis kan du vere ein god rollemodell for barn og unge?
- Kvifor er det å vere endringsvillig ein god eigenskap for barne- og ungdomsarbeidaren?
- Kva tenker du at det å jobbe med barn kan gi deg?