Korleis ta vare på engasjementet barna har for naturen? - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis ta vare på engasjementet barna har for naturen?

Barn er engasjerte i naturen. Dei blir fasinerte av meitemark og skrukketroll, blomstrar og tre eller ulike artar i havet. Jobben vår blir å halde oppe engasjementet og auke kunnskapen om naturen. Korleis skal vi gjere det?

Barn og unge utforskar naturen og fenomena i naturen på ein annan måte enn det vi vaksne gjer. Dei viser ofte ein enorm entusiasme over den minste tingen og stiller spørsmål som vi vaksne ikkje har tenkt på. Denne entusiasmen må vi byggje vidare på ved å utforske, undre oss, samle inn og observere saman med barna. På den måten bidreg vi til at barna får ei byrjande forståing av samanhengar mellom organismane og miljøa deira.

Oppgåver

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du fremje verdiar, haldningar og praksis for eit meir berekraftig samfunn. I desse oppgåvene skal du jobbe med å utforske naturen anten åleine eller i ei gruppe.

  1. Vel eit prosjekt med utgangspunkt i kva barna på praksisstaden din er interesserte og engasjerte i. Viss det er vanskeleg å kome på noko, kan du sjå i tips-lista nedst i artikkelen.

  2. Lag ein plan over korleis du skal jobbe med temaet. I planen skal det stå:

    1. kva du skal gjere

    2. faglege refleksjonar for kvifor du ønskjer å gjere dette prosjektet

    3. instruksjon med illustrasjonar om korleis du skal gjere det

    4. korleis du skal involvere barna i arbeidet

    5. kva du vil at barna skal erfare og lære

    6. kva verdiar og haldningar vil du fremje hos barna

  3. Gjennomfør prosjektet anten heime, på skulen eller i praksis.

  4. Dokumenter prosessen ved hjelp av bilete.

  5. Evaluer arbeidet ditt ved å stille spørsmål:

    1. Kva gjekk bra, og kvifor?

    2. Kva kunne du gjort annleis, og kvifor?

Tips til emne som kan fremje miljømedvit hos barn og unge
  • søppelsortering

  • dyrking av grønsaker eller blomstrar

  • treplantingsprosjekt

  • lage kompostbinge

  • byggje insekthotell

  • lage flaggermuskasse

  • lage eit terrarium for anten amfibium, reptil eller insekt.

  • lage eit akvarium

  • søppelryddingsprosjekt der søpla blir nytta til å lage noko kreativt

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021