Korleis fremje miljømedvit? - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis fremje miljømedvit?

Både i rammeplanen for barnehage, rammeplanen for SFO og i opplæringslova står det at vi skal fremje miljømedvit hos barn og unge. Ved hjelp frå dei vaksne skal barn og unge lære å sjå og oppdage samanhengar i naturen, utvikle naturglede og handle etisk og miljømedvite.

Ansvaret til dei vaksne

Verda står overfor store utfordringar knytte til berekraftig utvikling. Barn og unge må lære å ta vare på naturen, og det lærer dei ved at vi som jobbar saman med dei, fremjar verdiar, haldningar og praksis for eit meir berekraftig samfunn.

Vi som jobbar med barn, skal bidra til at barna forstår at dagens handlingar har konsekvensar for framtida. Vi skal òg leggje grunnlaget for å utvikle evna barna har til å tenkje kritisk, handle etisk og vise solidaritet. Derfor må vi gi barna moglegheit til å gi omsorg og ta vare på omgivnadene sine og naturen.

Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og dei må få oppleve tilhøyrsel til han. Vi må leggje til rette for at barna får oppleve naturen som ein arena for leik, undring, utforsking og læring. På den måten får dei kjennskapar til naturen og berekraftig utvikling.

Barna må få tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd. Vi vaksne må vise fram naturfenomen og reflektere saman med barna om samanhengar i naturen. Saman med barna kan vi utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomen.

Start med det nære

Når du jobbar med barn og unge, oppdagar du fort at dei er engasjerte i miljøet rundt seg. Når de er ute i naturen, spør dei om det dei ser rundt seg, finn små organismar og plukkar blomstrar. Det er her du skal starte arbeidet ditt ved å ta deg tid, undre deg og utforske saman med barna. Gi barna tid til å stille spørsmål og samtal og reflekter saman med dei om det dei er opptekne av, og om samanhengar i naturen.

Du bør ikkje fokusere på miljøkatastrofar og global oppvarming, for det kan skape frykt, og barna kan miste trua på framtida. Start med det som fasinerer barna, der barna er i sitt liv, slik at de skaper gode barndomsopplevingar i naturen.

Dersom barna er opptekne av til dømes biller, startar du prosessen der. La barna sanse ved å ta og kjenne på, sjå, lytte og undersøkje. Ved hjelp av sansing byggjer dei ein relasjon til billa, både kognitivt og emosjonelt. Sanseinntrykk kan bidra til å gi barn minneverdige naturopplevingar og ei byrjande forståing av at dei er ein del av nettverka og samanhengane til naturen. Slik er sansing med på å fremje ønsket om å ta vare på og verne om livet i naturen.

Deretter kan du undre deg og utforske saman med barna. Finn ut kva biller lever av, finn ulike biller, kvar liker dei å bu? Lag gjerne eit terrarium der de følgjer billa på nært hald. Teikn biller og bruk faktabøker for å finne informasjon om insektet. Målet med aktiviteten blir å hjelpe barn til å sjå samanhengen mellom organismen og deira eige miljø.

Aktive vaksne

Måten barn forskar på i naturen, minner mykje om korleis biologar jobbar. Først ser dei på farge, form og korleis noko rører seg. Så byrjar dei å undre seg over kva dei lever av, om dei har barn og i så fall korleis barna blir til. Jobben din er å følgje med barna, vere aktiv lyttande og stille gode spørsmål ved det barna snakkar om.

Når prosessen med å utforske er i gang, blir det oppgåva di å skape ei byrjande forståing for berekraftig utvikling. Då er det viktig at du saman med barna set deg godt inn i kva dei ulike dyre- og planteartane har å seie for økosystemet. Barna, med litt hjelp frå deg, ser samanhengen mellom samspelet i naturen – økologi.

Viss du jobbar ein stad der det ikkje er natur rundt deg, kan du hente naturen inn i barnehagen eller skulen/SFO. De kan lage eit miljø inne eller ute som gir barna moglegheit til å utforske naturen. Skap utforskande miljø ved hjelp av terrarium med ulike artar, akvarium med maritimt miljø, å så frø eller kompostere matavfall og utforske vêret ved å sjå på temperatur og fukt.

Når du som vaksen har miljømedvitne haldningar og viser miljømedvitne handlingar, kan det bidra til å utvikle evna barna har til sjølv å ta miljømedvitne val.

Kritisk tenking

Det held ikkje berre å gå ut i naturen eller å lese faktabøker for å fremje forståinga til barn og unge for miljømedvitne val. Alle menneske, både barn og vaksne, må gjere vurderingar og ta stilling for å ta miljømedvitne val. Då trengst det fleire perspektiv.

Tilbake til løpebilla. Dei største løpebillene kan bli opptil fire cm lange og kan verke skremmande på nokre barn og vaksne. Dersom de finn dei i barnehagen eller SFO, skal de drepe dei eller fange dei og sleppe dei fri? Å sjå ting frå fleire perspektiv, reflektere og diskutere konsekvensane av handlingane våre er med på å skape miljømedvitne barn og unge. Det er lov til å ha ulike meiningar, og ulike personar kan ha ulike løysingar.

Når barn og unge får høve til å ta stilling til eit etiske dilemma, kjem dei gjerne med ulike forslag til løysingar. Då kan dei kritisk vurdere dei ulike forslaga, og på bakgrunn av kunnskap dei har tileigna seg om artane, kan dei finne løysingar som er miljøfremjande.

Kritisk tenking handlar om kognitive tankeprosessar der du nyttar di eiga dømmekraft på ein fornuftig, undersøkjande og systematisk måte i møte med praktisk utfordringar, fenomen, ytringar og kunnskapsformer. Det er viktig å ha evna til å tenkje kritisk når du skal vurdere, ta gode avgjerder og løyse problem. Då vil det hjelpe å ha fleire perspektiv, for på den måten kan du vurdere kva som er best for miljøet.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere lett og kva kan vere utfordrande for deg når du skal vere med barn og unge i naturen, gi dei naturopplevingar og undre deg saman med dei?

  2. Kva tankar har du om rolla di for å hjelpe barn og unge til miljømedvit?

  3. Kvifor er det viktig å reflektere over dei miljømedvitne vala vi gjer?


Relatert innhald

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2021