Oppgave
Korleis forstå og hjelpe barn?
I denne filmen (lengde 6:55) fortel Eli Rygg om korleis du kan forstå, hjelpe og støtte barn. Ho fortel om kor viktig samhøyr er for barn, og kor viktig det er at vaksne er omsorgsfulle i møte med barn.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0
- Kva trur du Eli Rygg meiner med at vi må kjenne att kjensler for å forstå korleis ein annan har det?
- Kva er medkjensle?
- Korleis kan du møte og snakke med barn som er sinte?
- Forklar korleis du kan hjelpe eit barn som er lei seg eller sint.
- Kva er samhøyr?
- Kva gjer barn for å føle samhøyr?
- Diskuter kva som blir meint med "late som-masker".
- Kva er god omsorg?
- Forklar kva som blir meint med utsegna "vi veit så lite om korleis andre eigentleg har det".
- Kva skal du gjere dersom du er bekymra for eit barn, og kva kan konsekvensen vere dersom du ikkje gjer noko?
- Kva trur du Eli Rygg meiner når ho seier at ho aldri har møtt ein versting?