Gode rutinar for hygiene - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Gode rutinar for hygiene

Det er naudsynt å ha gode rutinar for hygiene for å skape eit helsefremjande miljø og unngå sjukdom. I arbeid med barn og unge må vi praktisere god hygiene for å vareta smittevern, men òg fordi vi er modellar for barna – dei lærer av å sjå det vi gjer.

Utarbeid gode rutinar for hygiene

Folkehelseinstituttet (2020) har lista opp dei følgjande generelle reglane for god hygiene i barnehagen. Desse er òg fine å nytte i skulen og SFO.

  • Ha såpedispenser og papirhandkle ved alle handvaskar. Bruk alltid varmt vatn og såpe ved handvask.

  • Vask alltid hendene godt etter toalettbesøk eller bleieskift.

  • Vask hendene når barna kjem inn frå leik og opphald ute.

  • Unngå å nyse og hoste på kvarandre.

  • Vask hendene når barna har pussa nasen.

  • Fellesleiker av plast og tre bør vaskast regelmessig med reingjeringsmiddel og varmt vatn, forslagsvis éin gong per veke. Tøyleiker kan vaskast i vaskemaskin.

  • Ved stell av blødande sår og naseblødingar bør eingongshanskar nyttast. Skrubbsår og andre småsår som ikkje blør, blir stelte på vanleg måte.

  • Ved stell og bleieskift med synleg avføring bør det nyttast hanskar.

  • Ved søl av blod eller avføring på gjenstandar, golv og så vidare blir det reingjort med hushaldningsklorin. Bruk vanlege reingjeringshanskar.

Mathygiene

Når vi lagar mat saman med barn og unge, må vi tenkje på kva som kan sikre oss helsemessig trygg mat. Oppbevaring og tillaging av maten må skje slik at vi varetek hygiene og sikrar trygg mat. Folkehelseinstituttet (2020) har òg lista opp kva som er gode rutinar for mathygiene.

  • Vask hendene godt før matlaging og måltid.

  • Skyl knivar og skjerefjøl kvar gong du skjer opp nye matvarer.

  • Hald kjøkkenbenken ryddig og rein og ha minst mogleg ståande framme på kjøkkenbenken.

  • Skyl kjøkkenkluten godt etter bruk, og heng han fritt opp slik at den tørkar. Vask han på minst 60 grader eller legg han i klor. Kjøkkenpapir er eit godt alternativ til kluten.

  • Sjekk jamleg at kjøleskapstemperaturen er + 4 gradar eller noko lågare.

  • Rytt og vask i kjøleskapet jamleg.

  • Ikkje la det gå for lang tid mellom tillaging og servering av mat. Mat som blir ståande lenge i romtemperatur, mistar næringsstoff og får dårlegare hygienisk kvalitet. Mjølk og mjølkeprodukt er særleg utsette.

  • Mat som barna har med seg heimanfrå, bør oppbevarast kjølig.

  • Sett pålegg og restar av varm mat raskt til kjøling etter måltidet.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor må du som barne- og ungdomsarbeidar ha kunnskap om god hygiene?

  2. Korleis varetek du mathygiene heime?

  3. Korleis kan du som profesjonell yrkesutøvar praktisere god hygiene?

Relatert innhald

Kjelde

Folkehelseinstituttet (FHI). (2020, 20. april). Hygieneråd for forebygging av smittsomme sykdommer i barnehagen. https://www.fhi.no/sv/barnehage/forebygging-av-smittsomme-sykdommer/

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2021