Oppgave
Ergonomi i arbeid med barn og unge
Å tenkje på ergonomi i arbeidskvardagen handlar om at du må vite korleis du kan bruke og ta vare på kroppen din i arbeidet med barn og unge. I denne oppgåva skal du vise korleis du kan ta vare på eiga helse ved å bruke eigen kropp i arbeidet som barne- og ungdomsarbeidar.
Lag ein film eller eit rollespel der de får fram kva som er viktig å tenkje på med omsyn til ergonomi i arbeid med barn og unge.
Punkt som bør vere med i filmen/rollespelet:
- Kva meiner vi med omgrepet ergonomi?
- Korleis ta vare på eigen kropp og helse i det daglege arbeidet og elles i kvardagen?
- Korleis kan du best arbeide med ulike løft?
- Korleis kan du best arbeide i sitjande stilling?
- Korleis kan du best arbeide i ståande stilling?
- Korleis gjeld ergonomi deg i dag og i framtida?
- Kvifor må barna involverast i det ergonomiske arbeidet?
- Korleis kan du vere ein god rollemodell og rettleier for barn og unge med tanke på ergonomi?