Ergonomi for barne- og ungdomsarbeidaren - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ergonomi for barne- og ungdomsarbeidaren

Vi har alle ansvar for å verne eigen kropp mot store belastingar. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du òg ta vare på barn og unge og hjelpe dei til å ta vare på og verne kroppen sin mot for store belastingar.

Å ta vare på eigen kropp

Barne- og ungdomsarbeidaryrket er eit praktisk yrke der du bruker kroppen din i yrkesutøvinga. I arbeidet vil du ha fysisk nærkontakt med barn. Barn ønskjer å bli løfta for å få ein klem eller trøyst. Du må òg kunne hjelpe barn med bleieskift og når dei skal på toalettet, i på- og avkledning, under måltid og i sove-/kvilesituasjonar. Du må kunne delta i leik og ulike aktivitetar. Det er derfor viktig at du tek vare på eigen kropp og helse slik at du klarer å utføre arbeidsoppgåvene dine.

Ergonomi handlar om korleis du bruker kroppen når du utfører arbeidsoppgåver. God ergonomi bidreg til ein sunn fysisk aktivitet i ein kvardag saman med barn og gir auka motivasjon i dette arbeidet.

Bruke kroppen på ein god måte (ergonomiske prinsipp)

Du må vite korleis du kan bruke kroppen din på ein god måte, og korleis du kan ta vare på han. Å bruke kroppen riktig handlar om å følgje dei naturlege rørslemønstera, slik du gjer når du står, går og reiser deg. Då har hovud, skulder og rygg mest mogleg normalstilling. Gode arbeidsstillingar er når ledda er i midtstilling. Å variere arbeidsstilling er naudsynt for å unngå einsidig belasting på musklar og ledd. Du må sørgje for å endre arbeidsstillingar undervegs og ta små og korte pausar i gjennomføringa av arbeidet ditt.

Trening og avspenning

Trening bidreg til at du styrkjer ledd, musklar og sener. Ein sterk kropp toler meir, og faren for slitasje blir mindre. Trening vil òg bidra til at du får meir uthald i arbeidet ditt.

Avspenningsøvingar gjer at musklane slappar av og kan bidra til å løyse opp stramme musklar og til å dempe stress. Avspenningsøvingar bidreg òg til betre velvære og oppleving av ro.

Å hjelpe andre til å ta vare på eigen kropp

Som barne- og ungdomsarbeidar har du ansvar både som rettleiaren til barna og som rollemodell for å hjelpe barn til å ta vare på eigen kropp. Du må tenkje på kva du seier og kva du gjer for å ta vare på eigen kropp, og bruke han riktig. Dette må du òg tenkje på når du rettleier barna i å ta vare på eigen kropp. Å reflektere over eigne haldningar og korleis den praktiske utøvinga di vil verke for barna, bidreg til at du blir medviten kva som er riktig å gjere med tanke på ergonomi og det å ta vare på eigen kropp.

Ergonomiske råd for å redusere muskel- og skjelettplager

God tilrettelegging av arbeidsplassen er med på å førebyggje muskel- og skjelettplager. Det er lettare å førebyggje enn å reparere allereie oppståtte skadar. Muskel- og skjelettplager er ei fellesnemning for smerter/ubehag i musklar, sener, ledd eller nervar. Det kan føre til redusert funksjonsnivå. Ugunstige arbeidsstillingar, repeterande rørsler og tunge løft er døme på mekanisk arbeid som finst på ei rekkje arbeidsplassar.

Utfordringar til deg

  1. Kva må du tenkje på for å ta vare på eigen kropp og helse i arbeidet med barn?
  2. Korleis kan du vere ein god rollemodell for barna i det å ta vare på eigen kropp?
  3. Kva kan du gjere for å redusere muskel og skjelettplager?

Relatert innhald

Fagstoff
Førebygging av belastingslidingar

Belastingsskader og ulike plager i muskel- og skjelettsystemet er ei av dei vanlegaste årsakene til sjukefråvær i Noreg i dag.

Fagstoff
Ergonomi og belastning

Ergonomi er læra om korleis vi på best mogleg måte kan tilpasse arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet til mennesket.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2023