Oppgave
Bli betre kjent med ergonomi
For å forstå kva ergonomi er, og korleis det påverkar eiga helse, er det lurt å fordjupe seg i temaet. Nedanfor er det nokre oppgåver om ergonomi som du kan arbeide med.
Tenk deg at du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar anten i barnehage eller på skule/SFO. Du skal rettleie ein elev som er i praksis hos dykk, om ergonomi. Lag eit informasjonsdokument til eleven der du tek med dei følgjande punkta.
- Kva er ergonomi? Forklar og bruk døme.
- Korleis kan du bruke kroppen på ein god måte? Forklar og bruk døme.
- Kvifor er det viktig å ta vare på eigen kropp og helse?
- Korleis kan du ta vare på eigen kropp og helse i arbeidet med barn og unge?
- Bruk internett og finn hjelpemiddel som kan brukast i arbeidet med barn og unge for å betre arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet for dei tilsette. Skriv ned kva hjelpemiddel dette er, og set inn bilete av hjelpemidla.
- Lag ei skisse over eit rom i barnehagen eller skulen/SFO som tek omsyn til ergonomi for både barna og dei vaksne. Her kan du sjølv velje om du vil teikne for hand eller bruke digitale verktøy. Kommenter på skissa kva det er viktig å tenkje på på dei ulike stadene.
- Intervju ein eller fleire personar som arbeider med barn og unge, om ergonomi. Undersøk
- kva dei gjer for å ta vare på eigen kropp
- kva hjelpemiddel dei bruker. Ta bilete av dei ulike hjelpemidla, viss det er mogleg.
- kva dei tenkjer på når det gjeld ergonomi i det dageleg arbeidet
- kvifor dei utfører arbeidsoppgåver på den måten dei gjer
- korleis dei involverer barn og unge i dette arbeidet
Bruk svara og eventuelt bileta og lag ei liste med gode råd om ergonomi. Kanskje har du nokre gode råd sjølv òg? Ta med denne lista i informasjonsdokumentet til eleven som er i praksis.