Barne- og ungdomsarbeidarar fortel om jobben sin - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Barne- og ungdomsarbeidarar fortel om jobben sin

Som barne- og ungdomsarbeidar har du ein sentral plass i livet til barn og unge. I arbeidet ditt kan du møte barn frå dei startar i barnehagen som eittåringar, til dei står på terskelen til vaksenlivet. I denne filmen fortel fem barne- og ungdomsarbeidarar kva dei brenn for i jobben sin.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Å vere barne- og ungdomsarbeidar inneber mykje ansvar, men det er svært meiningsfullt arbeid. Det er eit yrke der du vil bety noko for dei menneska du møter, og du kan bidra til å gjere ein forskjell.

Ein barne- og ungdomsarbeidar jobbar med barn eller ungdom. Du kan jobbe i barnehage, barneskule, skulefritidsordning (SFO), ungdomsskule eller vidaregåande skule. Ein barne- og ungdomsarbeidar kan òg jobbe i fritidsklubb og med barn som har behov for spesiell tilrettelegging, til dømes i ein barnebustad eller tilpassa opplæring i skule og SFO.

Mange vel å bli barne- og ungdomsarbeidar fordi dei er glade i barn og har eit brennande engasjement for at barn og unge skal ha det bra.

Det viktigaste når ein er barne- og ungdomsarbeidar er å vere ein nær, varm, kjærleg og god vaksenperson som bidreg til at barn og unge kjenner seg viktige og verdifulle. Du skal vise omsorg, verne og trøyste. Du skal bidra til å hjelpe og støtte barn og unge med alt det dei ikkje klarer sjølve. Støtte, hjelpe og rettleie barn og unge i leik, aktivitetar og samvær på ein slik måte at dei føler seg trygge og tør å utforske verda slik at læring og utvikling skjer. Du skal vere både leikekamerat, ven og ein god rollemodell.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor valde du å utdanne deg til barne- og ungdomsarbeidar?
  2. Kvar kan du tenkje deg å arbeide som barne- og ungdomsarbeidar?
  3. Korleis tenkjer du at du som barne- og ungdomsarbeidar kan bidra til å gjere ein forskjell i livet til barn og unge?
  4. Korleis kan du støtte, rettleie og hjelpe barn og unge i samvær med andre?
Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020