Hopp til innhald
Fagartikkel

Å gjere det beste for barnet

Å gjere det som er best for barnet, er eit overordna prinsipp i alt arbeid med barn. Ein barne- og ungdomsarbeidar skal bidra til at barn har det bra, og arbeide for å fremje den psykiske og fysiske helsa til barn.

Å gjere det beste for barnet

Å gjere det beste for barnet er eit overordna prinsipp i alt arbeid med barn. Denne verdien er nedfelt både i § 104 i Grunnloven og artikkel 3 punkt 1 i barnekonvensjonen. Som barne- og ungdomsarbeidar er du derfor forplikta til å arbeide for barnets beste i alle handlingar og avgjerder du tek i arbeidet med barn.

I arbeidet som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar er det ikkje nok å vilje det gode. Du òg må ha engasjement og vilje til å arbeide målretta for å realisere det som er til det beste for barna. Du må orientere deg, få overblikk, gi merksemd, gjere vurderingar og kanskje òg improvisere for at handlingane du gjer, er gode nok for resultatet du ønskjer å oppnå.

Det er viktig å merke seg at det ikkje berre er viljen til å gjere godt som er viktig i dette arbeidet, men òg evna til å endre handlingsmønster når det viser seg at det du gjer, ikkje gir dei resultata du forventa. For å kunne endre må du ha evna til å vere sjølvkritisk i det du gjer, og du må kunne korrigere og endre handlingane dine til det beste for barnet.

Livsmeistring og helse

Alle skal ha det godt. Å arbeide for barns beste handlar om at du skal jobbe for å fremje den fysiske og psykiske helsa til barn. Dette vil òg ha ein førebyggjande funksjon fordi det kan bidra til å jamne ut sosiale forskjellar.

For at den fysiske helsa til barn skal bli teken vare på og fremja, må barna få delta i daglege fysiske aktivitetar og ha gode måltid. Daglege fysiske aktivitetar bidreg til bevegelsesglede og motorisk utvikling. Gode måltid der barna òg kan vere med på matlaginga, gir dei grunnlag for å utvikle matglede og sunne helsevanar.

Livsmeistring handlar om livsglede, trivsel, meistring og kjensle av eigenverd. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du heile tida tenkje på desse punkta slik at du kan arbeide for å gjere det beste for barna. Det handlar om å skape eit trygt og utfordrande miljø der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.

Tydelege, varme og nærverande vaksne

Eit trygt miljø for barn har tydelege, varme og nærverande vaksne med klare forventningar. Vaksne som ser og lyttar, tolkar og handlar ut frå åtferdsuttrykket og språket til barna. Vaksne som samarbeider med barna og lèt stemma deira kome tydeleg fram, slik at barna får medverknad i kvardagen sin. Når du samarbeider med barna og handlar ut frå det dei uttrykkjer, har du moglegheit til å leggje til rette for gode samspelsituasjonar som skaper livsmeistring og god helse.

Samspelsituasjonar gir barn moglegheit til å øve seg på å samarbeide og samhandle med andre og utvikle vennskap. At du som vaksen er klar over korleis du kan få barn til å samarbeide, har mykje å seie for barna du jobbar med. Vennskap vernar og fremjar god psykisk helse, utvikling og regulering av eigne kjensler hos barna.

Trygt miljø

Eit trygt miljø er der barna er heilt trygge på at dei vaksne støttar og rettleier i alle situasjonar, både når det går bra, og når det går gale. Då veit barna at dei kan gå til vaksne for å få hjelp og støtte. Dette skaper ein tryggleik hos barn slik at dei òg tør å utfordre seg sjølv og utforske meir.

Lek er grunnleggjande for den sosiale og emosjonelle utviklinga til barn, og leik er viktig for livsgleda deira. I leiken får dei øvd seg på å vere saman med andre og å finne ut av både dei uttalte og dei uuttalte reglane for å vere saman. Då treng barna nærverande vaksne som kan støtte og rettleie.

Når vi ikkje har det bra saman

Livsmeistring, helse, vennskap og tilhøyrsel handlar om å vere trygg og å vere saman. Dette fungerer når vi veit korleis vi skal vere saman. Eit signal på at vi ikkje veit dette, er når mobbing oppstår. Mobbing hindrar opplevinga av å høyre til og vere ein viktig person i fellesskapet. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du arbeide for å førebyggje krenkingar og mobbing. Når eit barn opplever krenkingar eller mobbing, har du plikt til å handtere, stoppe og følgje opp dette.

Utfordringar til deg

  1. Kva inneber det å ha det beste for barnet som grunnleggjande prinsipp i alle handlingar og avgjerder som gjeld barnet?
  2. Kva kan du gjere for å skape tryggleik for barn?
  3. Korleis kan du bidra til at alle barn får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik?
Kjelder

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Henta frå https://www.udir.no/globalassets/filer/barnehage/rammeplan/rammeplan-for-barnehagen-bokmal2017.PDF

Utdanningsdirektoratet. (2018, 3. februar). Rammeplan for barnehagen (2017). Livsmestring og helse [Video]. Utdanningsdirektoratet. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan-for-barnehagen/

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2020