Sjef i eige liv
Film: Sjef i eige liv
I filmen (lengde 4:52) møte vi Vetle, som nyleg har flytta for seg sjølv. Han er avhengig av rullestol i kvardagen. Vi møter òg dei to brukarstyrte personlege assistentane (BPA) hans, og får høyre korleis dei bidreg til at han kan leve eit sjølvstendig liv.
Utfordringar til deg
Kvifor er det viktig for Vetle at det er han som bestemmer?
Kva inneber brukarstyring for deg viss du skal jobbe som brukarstyrt personleg assistent?
Kva gjer assistenten for at Vetle skal kjenne seg sett?
Kva rolle speler humor i relasjonen mellom Vetle og assistentane?
Kva er samanhengen mellom sjølvbestemming, motivasjon og sjølvrealisering?
Kvifor vil tryggleik, tillit og ein god relasjon mellom den som yter hjelp, og den som får hjelp, vere avgjerande for om sjølvbestemminga blir vareteken?
Kvar går grensene mellom å vere privat, personleg og profesjonell i jobben som brukarstyrt personleg assistent?