Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Refleksjonsoppgåve om arbeidsmiljøet på skulen

Som elev i vidaregåande skule har du kanskje delteke i Elevundersøkinga? På mange måtar seier Elevundersøkinga oss noko om arbeidsmiljøet til deg som elev, om skulen som organisasjon, og om kva for organisatoriske tendensar som påverkar skulen som arbeidsplass.

Et elevperspektiv

Eit av funna frå Elevundersøkinga 2022 er at 57,8 prosent er litt eller heilt einig i at det er god arbeidsro i timane (Wendelborg, 2023, s. 28).

Reflekter og diskuter

Kva gjer at det er arbeidsro i timane eller ikkje?

Forsøk å peike på fysiske faktorar, som lokale, utforming og møblering av klasserom og inneklima, og psykososiale faktorar, som er knytte til trivsel, helse, arbeidsmengde og organisering av undervisninga. Med andre ord: Korleis kan arbeidsmiljøet og trekk ved skulen som organisasjon påverke arbeidsroa i timane?

Kjelde

Wendelborg, C. (2023). Mobbing og arbeidsro i skolen: Analyse av Elevundersøkelsen skoleåret 2022/23 (Rapport 2023). NTNU Samfunnsforskning AS. https://samforsk.no/uploads/files/mobbing-og-arbeidsro-i-skolen-2022_23_final_uu.pdf

Skrive av Kristin Sundstrøm.
Sist oppdatert 04.11.2024