Oppgåve
Film
Handvask i barnehagen
God handhygiene er det viktigaste tiltaket for å unngå spreiing av smittsame sjukdommar. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du lære barna i barnehagen korleis dei vaskar hendene, og kvifor det er så viktig.
Handvask i barnehagen. Film: NRK / CC BY-NC-ND 4.0
Oppgåver
- Bruk smittekjeda for å forklare det som skjer i filmen.
- Kvifor er det så mykje smitte i ein barnehage?
- Korleis kan ein innarbeide gode rutinar for handhygiene?
- Arbeid saman to og to. Éin spelar vaksen, og éin spelar barn. Snakk med kvarandre om handvask og hygiene. Byt roller.
- Set saman nye lag på to personar. Den eine vaskar hendene, og den andre observerer handvasken og gir tilbakemeldingar på kva som er bra, og kva som kan gjerast betre.