Oppgave
Førstehjelp ved brystsmerter
Vi må alltid ta smerter og ubehag i brystet på alvor. Det er derfor viktig at du er kjend med nokre typiske teikn og symptom, slik at du kan bidra til tidleg varsling og korrekte tiltak.
- Beskriv typiske symptom og kliniske teikn ved eit hjarteinfarkt.
- Finn ut kva for nokre viktige prinsipp som bør gjelde i behandling av ein person med smerter i brystet.
- Forklar omgrepa
- kliniske teikn
- symptom
- akutt koronarsyndrom
Lag eit rollespel der de tek utgangspunkt i situasjonsskildringa under, og vis korleis de vil handtere denne hendinga.
Situasjonsskildring
De er på skulen. På veg til i kantina i storefri møte de ein lærar som plutseleg har vorte dårleg med sterke smerter i brystet, kaldsveitte og kvalme.
Evaluer gjennomføringa.
- Kva har de lært?
- Kva fungerte bra?
- Var det noko som kunne vore gjort annleis?
Relatert innhald
Fagstoff
BrystsmerterVi må alltid ta smerter og ubehag i brystet på alvor. Dersom det dreier seg om hjarte- og lungeproblem, krev dette rask behandling. Lær kva du bør gjere.