Viral marknadsføring - Yrkesfagleg fordjuping (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Viral marknadsføring

Sosiale medium er ein viktig arena for marknadsføring. Reklamebodskapar blir her spreidde raskt og rimeleg til rett målgruppe. Er marknadsføringa vellykka, seier vi at ho er viral. Då spreier reklamen seg som eit virus.

Sidan 2000-talet har annonsering på Internett auka i staden for på tradisjonelle mediekanalar, som avisannonsar og TV-reklame. Auken er venta å halde fram i lang tid, og marknadsføring i sosiale medium aukar mest.

Marknadsføring gjennom sosiale medium er nemleg ein effektiv og rimeleg måte å treffe riktige målgrupper på. Ved å bruke sosiale medium kan bedrifter, organisasjonar og private aktørar enkelt spreie bodskapen sin til ei stor gruppe menneske.

Personleg tilpassa innhald

Stadig fleire blokkerer nettannonsar og web-banner frå å dukke opp i nettlesarane sine. På same tid aukar bruken av sosiale plattformer som har som føremål å ha samhandling og kommunikasjon med andre. Marknadsførarar veit å nytte seg av dette. Via sosiale medium kan kommersielle og ikkje-kommersielle aktørar skreddarsy innhald til dei rette mottakarane.

Sidan sosiale medium består av personlege, interaktive plattformer, tek ulike målgrupper imot ulikt innhald, avhengig av kjønn, alder og interesser. Reklamane du ser i Facebook-feeden din, er for eksempel i stor grad basert på aktiviteten din på Internett, og dei er eit forsøk på å tilpasse innhaldet til deg personleg.

Stopp og tenk!

Synest du reklamane du får servert i sosiale medium, passar til deg?

Reklamen blir opplevd som skjult

Det blir ofte retta kritikk mot marknadsføring i sosiale medium. Kritikken går ut på at reklame kan opplevast som skjult og dermed vanskeleg å identifisere. I 2016 meinte nesten ein tredel av ungdommane i Barn og Medier-undersøkinga at dei nokre gonger syntest det var vanskeleg å vite kva som er reklame, på Internett, i bloggar og på sosiale medium. Når du bruker sosiale medium, bør du derfor vere medviten korleis ulike aktørar kommuniserer, og kritisk vurdere avsendaren sitt mål med innhaldet.

Verkemiddel

Den største skilnaden mellom tradisjonell marknadsføring og sosiale medium er at dei sosiale media gir brukaren høve både til å vere mottakar av ein bodskap og til å bidra til å generere, publisere og dele innhald.

Bruken av sosiale medium har gitt marknadsførarar verktøy for å spreie innhaldet sitt til mange. To vanlege verkemiddel som marknadsførarar nyttar seg av for å nå publikumet sitt på sosiale medium, er:

  • innhald som oppfordrar til handling
  • sponsa innhald formidla av personar med innverknad

Du har sikkert vorte oppfordra mange gonger til å like og dele ei side med andre. Marknadsførarar er ute etter alt frå ein «like» til at mottakarane svarer på gitte oppgåver og konkurransar. Denne formen for marknadsføring er svært effektiv og blir brukt både av kommersielle, velgjerande og private aktørar for å gjere drifta av verksemda lønnsam.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2017