Oppgåve
Video
Trinn 6: Sluttkontroll
No skal de gjennomføre ein sluttkontroll av dei delane av anlegget de har kopla opp så langt.
Slik gjennomfører du ei kontinuitetsmåling i anlegget ditt. Video: Fred Berglyd, Øystein E. Johannessen / CC BY-SA 4.0
I denne filmen lærer du å gjennomføre ein isolasjonstest av anlegget ditt. Video: Fred Berglyd, Øystein E. Johannessen / CC BY-SA 4.0
Før du eventuelt testar med spenning på anlegget, må du gjere ein sluttkontroll med ein installasjonstestar. Om du er usikker på korleis det skal gjerast, så sjekk gjerne videoane ovanfor. Det kan også vere lurt å få ein lærar til å gi dykk rettleiing om akkurat det måleapparatet de bruker på skulen.
Sluttprodukt trinn 6
Oppdater timelista.
Lever dokumentasjon på sluttkontroll av tavla. Sjå gjerne emnet Sluttkontroll på NDLA om du er usikker på kva som treng å vere med i dokumentasjonen din.