Verdsdagen for psykisk helse - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Verdsdagen for psykisk helse

10. oktober er Verdsdagen for psykisk helse. Denne dagen blir brukt til å spreie kunnskap og openheit om psykisk helse i over 150 land. I Noreg blir Verdsdagen markert med fleire tusen små og store arrangement.

Psykisk helse

Vi har alle ei psykisk helse, men ofte kan ho vere vanskeleg å snakke om. Verdsdagen for psykisk helse starta i 1992 for å spreie kunnskap og skape openheit om psykisk helse. Målet er at det skal bli like lett å snakke om den psykiske som den fysiske helsa.

Fakta om Verdsdagen for psykisk helse
  • Verdsdagen blei starta i 1992 av World Federation for Mental Health.
  • Verdsdagen blir markert i over 150 land i verda.
  • I Noreg har Mental Helse koordinert arbeidet med Verdsdagen sidan 2002 på oppdrag frå Helsedirektoratet.
  • Frå 2015 til 2019 har talet på markeringar i Noreg auka frå 650 til 2200.

I denne artikkelen har vi først laga nokre generelle oppgåver de kan jobbe med for å lære meir om psykisk helse. Deretter har vi ulike forslag til korleis de kan jobbe med temaet psykisk helse i ulike fag.

Oppgåve 1. Kva er psykisk helse?

  1. Kva forbind de med psykisk helse? Gi nokre konkrete døme.
  2. Er det vanskelegare å snakke om psykisk helse enn fysisk helse? Grunngi svaret dykkar.
  3. Kvifor er det viktig å kunne snakke om psykisk helse?

Oppgåve 2. Fysisk og psykisk helse

Les og/eller sjå videoane i artikkelen Kva er psykisk helse?

  1. Korleis kan den psykiske og fysiske helsa påverke kvarandre?
  2. Diskuter kva som påverkar den psykiske helsa aller mest.

Oppgåve 3. Verdsdagen for psykisk helse

  1. Undersøk kva som er temaet for markeringa i år på nettstaden Verdensdagen.no.
  2. Diskuter kvifor temaet dei har valt i år, er viktig for psykisk helse. På kva måte er dette temaet aktuelt for dykk? Finn nokre konkrete døme eller historier som viser korleis det kan vere aktuelt.
  3. Undersøk korleis Verdsdagen for psykisk helse blir markert i nærleiken av der de bur.
  4. Diskuter kva de i klassen kan gjere for å markere Verdsdagen for psykisk helse.
  5. Undersøk kva ulike tilbod det finst innan psykisk helse i kommunen dykkar.

Aktivitet

Lag ei markering for Verdsdagen for psykisk helse på skulen dykkar eller i nærmiljøet. Gå inn på ressurssidene til Verdsdagen for å få idéar, tips og inspirasjon til kva de kan gjere.

Case-oppgåve

Finn eller dikt opp eit par historier om ungdommar med ulike psykiske utfordringar. Bruk artiklane nedanfor og finn ut kven dei kan snakke med på og utanfor skulen?

Oppgåve 4. Korleis kan du ta vare på den psykiske helsa di?

Førebuing: Les artikkelen Korleis kan eg ta vare på den psykiske helsa mi?

Diskuter i grupper:

  1. Kva er dei største utfordringane for ungdom i dag når det gjeld psykisk helse?
  2. Kva kan vi gjere for å ta vare på den psykiske helsa vår? Bli einige om ei hugseliste på minst fem punkt på kva de kan gjere.
  3. Søvn og kvile er viktig for den psykiske helsa.

    • Kvifor kan det ofte vere vanskeleg å få nok søvn og kvile?
    • Kva kan de gjere med det?
  4. Kva kan skulen og samfunnet gjere for at ungdom skal få betre psykisk helse?

Psykisk helse som tema i ulike fag

Her er nokre tips og forslag til artiklar og oppgåver i ulike fag som kan knytast til temaet psykisk helse i samband med Verdsdagen.

Norsk
Samfunnskunnskap
Naturfag
Tverrfaglege tema

I det tverrfaglege emnet Ny på vidaregåande finn du oppgåver om relasjonsbygging og inkludering. I det tverrfaglege emnet Press og stress finn du oppgåver og artiklar om stress og psykisk helse.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2020