Veiledning
Undersøk læringsstiar
Ein læringssti høyrer til eit emne i eit fag og er knytt opp mot spesifikke kompetansemål i læreplanen i faget. Fagstoff og læringsaktivitetar blir organiserte i ei pedagogisk planlagd rekkjefølgje, slik at eleven skal få ein god læringsprosess.
- Kva inntrykk får du av korleis NDLA sine læringsstiar støttar læringsprosessen til elevane?
- Kva meiner du er ei pedagogisk god rekkjefølgje for organisering av læringsressursar?
Læringstiene er laga for å kunne tilpassast ulike grupper og lærarkompetansar.
Finn ein læringsti i faget ditt og tilpass til ein av gruppene dine.