Øvelse
Ta bilete av gode og dårlege relasjonar
Bruk eigne klassekompisar og kom opp med scenar som viser gode og dårlege relasjonar.
I denne oppgåva skal de ta bilete som uttrykkjer gode og dårlege relasjonar. Bruk gjerne eigne mobiltelefonar.
Jobb aleine og i grupper.
Beskriv skriftleg kva du vil ta bilete av.
- Kva ønskjer du å fortelje?
- Korleis skal du sikre deg at du gjer dette?
- Du kan ta utgangspunkt i eit tema som 'på ny skule', 'venskap', 'klassekamerat', 'ekskludering', 'inkludering'.
Diskuter ideen eller ideane dine med andre i klassen. Organiser dykk i passande grupper for å kunne realisere ideane til den enkelte på gruppa.
- Korleis kan de ta biletet for å verkeleg gjere tydeleg bodskapen i biletet?
- Korleis skal personar stå i høve til kvarandre?
- Kva skal du gjere?
- Kor mykje av situasjonen skal visast? Ansikt? Kroppsspråk? Omgivnader?
- Regisser scenar og ta bilete. Ta minst 10 ulike bilete av kvar av ideane/scenane. Bruk maks 20 minutt.
Gå gjennom bileta og plukk ut 2 bilete frå kvar av ideane som de diskuterer i gruppa.
- Kva fungerer?
- Kva fungerer ikkje?
- Bestem deg for to ting du vil gjere annleis i neste runde.
- Ta 10 nye bilete, jobb konsentrert og grundig for å gjere desse betre enn i første runde.
- Plukk ut to bilete aleine eller i grupper. Rediger bileta. Du kan til dømes skjere dei og/eller leggje på filter.
Vel om du vil jobbe i gruppa di eller individuelt.
- Kva kommuniserer bileta?
- Beskriv kva du/de er spesielt nøgd med å ha fått til.
- Til slutt – lever bileta til lærar og presenter bilete for klassen.