Spørjeskjema - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Spørjeskjema

I ei spørjeskjemaundersøking lagar forskaren eit sett med spørsmål som dei personane som deltek i spørjeundersøkinga, respondentane, skal svare på.

Fordeler og ulemper

Fordelen med spørreskjemaer er at ein kan stille dei same spørsmåla til mange personar. Ulempa er at ein ikkje kan innhente utdjupande opplysningar eller ha ein dialog med informantane. Derfor er det viktig at forskaren legg ned ein del arbeid i å lage gode spørsmål.

Korleis utformar de eit godt spørreskjema?

Det er krevjande å lage gode spørjeskjema. Ein kommuniserer som regel berre skriftleg med respondentane. De bør bruke enkle og korte spørsmål som er formulerte så presist at respondenten veit kva ho svarer på. Unngå også omtrentlege uttrykk som lite eller mykje. Presisér spørsmålet, skriv for eksempel "ein gong i veka", "to til tre gonger i veka" og så vidare.

Dersom eit spørsmål kan oppfattast på fleire måtar, er det eit dårleg spørsmål. Da veit de ikkje sikkert kva respondenten meinte med svaret sitt, og informasjonen kan vanskeleg brukast i det vidare arbeidet.

Utgangspunktet for spørjeskjemaet er problemstillinga. De skal lage spørsmål som gir dykk informasjonen de treng for å svare på problemstillinga. Derfor bør de tenkje på korleis spørsmåla kan brukast i analysen. Vi kan seie at problemstillinga skal gjerast målbare gjennom dei spørsmåla de stiller.

Tenk deg at gruppa di skal undersøkje skulematvanar blant elevane på skulen. For å få informasjonen de treng, må de spørje elevane. Dette kan gjerast på mange ulike måtar, men nokre måtar er betre enn andre.

Det vil til dømes vere lite lurt å spørje elevane berre om dei har gode eller dårlege skulematvanar. Dette vil jo ikkje gi noko informasjon om matvanane dei faktisk har. I tillegg kan det godt hende at elevane har svært ulike oppfatningar av kva som er ein "god" og "dårleg" vane.

Gruppa bestemmer seg derfor for å stille ei rekkje konkrete spørsmål om kva elevane et og drikk, om dei har med seg maten eller kjøper han, og kvar han eventuelt blir kjøpt. De bestemmer dykk også for å spørje om kor ofte elevane et eller drikk noko på skulen, målt i gjennomsnitt per veke.

Operasjonalisering

På denne måten legg gruppa opp til at eigenskapen "skulematvanar" blir målt på ein bestemt måte. Vi seier da gjerne at dei eigenskapane de undersøkjer, blir operasjonaliserte. Å operasjonalisere tyder å gjere ein eigenskap målbar. Når de lagar spørjeskjema, er det viktig at de tenkjer gjennom kva eit spørsmål eigentleg måler.

Spørsmål med faste svarkategoriar

Den vanlegaste spørsmålstypen i spørjeskjema er spørsmål med faste svarkategoriar. Svaralternativa er da formulerte av forskaren, og respondenten blir bedt om å setje eit kryss eller ein ring rundt svaret sitt.

  • Kor mange dagar i veka har du med deg matpakke på skulen?

    □ aldri
    □ ein til to gonger i veka
    □ tre til fire gonger i veka
    □ kvar dag


Det er viktig at slike spørsmål er enkle og formulerte slik at dei ikkje kan misforståast. Vidare bør svarkategoriane som regel vere gjensidig utelukkande slik at det berre er mogleg å krysse av på eitt alternativ.

Skaleringsspørsmål

De kan også bruke skaleringsspørsmål. Her er svaralternativa rangerte langs ein skala. Eit eksempel er spørsmål der ein ber respondentane oppgi kor samde dei er i ein påstand, eller kor sterkt dei føler for noko. Ein slik skala er meint å måle styrken på ei haldning eller oppleving som respondenten har. Ofte kan det vere lurt å forklare for respondentane korleis dei skal svare på slike spørsmål slik det er gjort i dømet nedanfor:

Vi er interesserte i å vite korleis folk stort sett trivst i den jobben dei har. Det kan vere avhengig av fleire forhold, men noko er ein meir nøgd med enn andre ting.

Tenk deg ein skala med verdiar frå 0 til 7, som måler tilfredsheit. Lågaste verdi 0 tyder at du er svært utilfreds, og 7 tyder at du er svært tilfreds, 3 står for noko meir utilfreds enn tilfreds, mens 4 står for noko meir tilfreds enn utilfreds.

Opne spørsmål

De kan òg bruke spørsmål der respondenten sjølv formulerer svaret. Fordelen med denne typen spørsmål er at de da kan få informasjon om forhold som ikkje lèt seg omgjere til faste svaralternativ. Ulempa er at det er arbeidskrevjande å gruppere svara i ulike kategoriar, noko som gjer det vanskeleg å bruke dei i statistiske analysar.

Vi vil likevel tilrå at de bruker denne spørsmålstypen. Informasjonen de får, kan som regel blir brukte som eit tillegg til den statistiske analysen og hjelpe dykk til å tolke svara på dei andre spørsmåla. I tillegg gir de respondentane moglegheit til å kommentere spørsmåla dei blir stilte.

Slike opne spørsmål bør formulerat slik at respondenten blir oppfordra til å svare utfyllande. Bruk gjerne kvifor-spørsmål eller be respondenten grunngi svaret. Dersom de tek opp fleire tema i spørjeskjemaet, kan det kanskje passe med eit slikt ope spørsmål som avslutning på kvart tema.

Kva rekkjefølgje skal spørsmåla stå i?

I starten av spørjeskjemaet, eller i eit eige følgjebrev, skal de informere om kven som utfører undersøkinga og kva som er formålet med ho. Her skal de også forklare korleis skjemaet skal fyllast ut. Informér også om at alle svar blir behandla anonymt. I dei fleste tilfella bør de også setje ein svarfrist..

Det er lurt å tenkje gjennom rekkjefølgja på spørsmåla i spørjeskjemaet. Vi rår dykk å starte med enkle faktaspørsmål, for eksempel om alder, kjønn, bostad og så vidare. Eit spørjeskjema bør heller ikkje vere for langt, vurdér derfor kor mykje tid som trengst for å svare på spørsmåla.

De bør teste ut det ferdige spørjeskjemaet på nokre få personar. På den måten kan de luke vekk uheldige formuleringar. De kan også lettare sjå kva for spørsmål som er unødvendige og kva for spørsmål som manglar.

Korleis gjennomfører de ei spørjeundersøking?

De har mange moglegheiter når de vil gjennomføre ei spørjeundersøking:

  • direkte utdeling og innsamling
  • utsending og innsamling per post eller e-post
  • telefonintervju
  • nettbaserte spørjeundersøkingar

De kan for eksempel dele ut spørjeskjema direkte i ein skuleklasse og samle dei inn igjen når dei er utfylte. Dette er ein rask og effektiv metode, som også har den fordelen at respondentane kan be om hjelp dersom det er spørsmål dei opplever som uklare.

Til samanlikning krev det langt meir tid og pengar å sende ut ei spørjeundersøking i posten. Her må de rekne med at det tek fleire veker før de får svar, dessutan bør de leggje ved ferdig frankerte konvoluttar. Det er som regel ein høgare prosentdel som vel å la vere å svare på skjemaet enn ved direkte utdeling. Det kan vere mange gode grunnar for å velje ei spørjeundersøking per post, men da må de setje av tid og ressursar til dette.

Andre innsamlingsmåtar kan vere telefonintervju, e-post og nettbaserte spørjeundersøkingar. Bruker de telefonintervju, kan de også fylle inn svara direkte på eit skjema på pc slik at dei lettere kan bearbeidast vidare.

Nettbaserte undersøkingar kan vere ein effektiv innsamlingsmåte dersom de har kompetanse til å lage eit slikt spørjeskjema. Ein ting de da må tenkje gjennom, er korleis de kontrollerer kven som svarer på undersøkinga. Ei undersøking som ligg ope tilgjengeleg på nettet kan kven som helst svare på. Dette er uheldig sidan de da ikkje lenger har kontroll over utvalet.

Skrive av Gisle Andersen og Holbergprisen i skolen.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2020