Kven er dei andre, eigentleg?

Kven er eigentleg dei nye klassekompisane dine?
Arbeidet med eit portrettintervju gir deg eit godt utgangspunkt for å bli godt kjent med ein i klassen du ikkje kjente til frå før. Dessutan krev forarbeidet du skal gjere at du må snakke med fleire elevar i klassen.
Sjangeren portrettintervju
I eit journalistisk portrettintervju er målet at lesaren skal bli betre kjent med ein person. Ulike sider ved intervjuobjektet skal komme fram, og journalisten prøver ofte å avdekkje bestemte personlegdomtrekk og ukjente sider ved å gi att hendingar og situasjonar personen fortel om. Det er også vanleg å beskrive kroppsspråket og miljøet personen er i under intervjuet.
Du skal no innta rolla som journalist og intervjuar, og gjere ein grundig jobb i førebuingane av intervjusituasjonen og gjennomføring av intervjuet. Til slutt skal du setje saman intervjuet.
Kva skal du gjere?
Arbeidet skal gå føre seg i denne rekkefølga:
Forarbeid
- Kva veit du om personen frå før? Kva lurer du på?
Research
- Research i klassen
- Research på Internett
Førebuing til intervjuet
- Lag gode spørsmål
- Førebu opptak
Gjennomføring av intervjuet
- Sjølve intervjuet
Vel ut og set saman
- Vel ut
- Setje saman intervjuet
Ferdigstilling
- Intervjuobjektet godkjenner bruk av sitat
- Kvalitetssikring
Del med klassen
Skriv ut intervjuet slik at klassen kan lese det, eller la læraren leggje intervjuet ut på læringsplattforma de brukar.

Startoppgåve: Finn ditt intervjuobjekt
Du får tre minutt til å løyse oppgåva på eiga hand.
Set deg ved sida av ein i klassen du aldri har snakka med tidlegare. Viss du har snakka med alle i klassen, set deg ved sida av den du synest du kjenner minst.
Du skal lage eit portrettintervju av den du sit ved sida av.
Skriv ut intervjuet slik at klassen kan lese det, eller la læraren leggje intervjuet ut på læringsplattforma de brukar.