Planlegging av læringsaktivitetar - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Planlegging av læringsaktivitetar

Det er mange omsyn å ta når du planlegg kva læringsaktivitetar elevane skal gjennomføre for å gi elevane dei kunnskapane, evnene og forståinga som læringsmåla peikar mot. Ikkje minst er det viktig at du tenkjer gjennom kva verktøy og teknologiar du og elevane skal bruke.

Kva er læringsaktivitetar? Jo, det er dei aktivitetane som elevane skal gjennomføre for å oppnå læringsmåla. Døme på slike læringsaktivitetar kan vere å skrive, å lese, å lytte, å formulere spørsmål, å samtale, å diskutere, å bruke verktøy, å lage noko, også vidare. Læringsaktivitetar kan løysast på mange måtar – korleis skal aktiviteten gjennomførast for at det skal føregå læring?

Ein symjetur

På mange måtar planlegg vi for ein symjetur saman med elevane. Les dette utdraget og reflekter over dine eigne symjeturar i og utanfor skulen:

For at ein læringsprosess skal bli vellukka, må eleven ønskje å lære - på same måte som at symjeturen blir mykje betre om du verkeleg har lyst til å bade, framfor om nokon brutalt hiv deg ute på djupna. Det er derfor viktig å freiste eleven uti, medan han framleis står på trygg grunn. Han må bli provosert, engasjert eller rørt på noko vis, og vidare inn i prosessen må han få lov til å eige problemstillinga si sjølv. Han må ønskje å bade! Når han skal vidare ut på djupna, altså når vi stuper uti eit ukjent fagstoff, må han bli trygd om at han har dei verktøya han treng, og samtidig vite at det er ein badevakt som kan hjelpe han om han blir utrygg - ein lærar med faglege redningsvestar. Dei teknikkane, verktøya og strategiane elevane får av oss, må dei igjen kunne klare å bruke, for til slutt greie å komme seg på land/hamn igjen. Då kan dei sjå tilbake på kva dei har erfart, opplevd og lært der ute på djupna. Forhåpentleg tør dei leggje ut på nok ein symjetur neste gong, endå betre rusta til den endelege langdistansen som dei må gjennomføre heilt på eiga hand (...).
(Talsethagen og Nyhus, 2019, s. 133)

Fagfornyinga 2020 set fokus på

  • samarbeid
  • aktive elevar
  • djupnelæring
  • kreativitet
  • elevane som produsentar der dei deler, skaper og publiserer kunnskapen sin ved bruk av teknologi
  • aktivitetane er knytte opp mot elevane si verkelege verd, som inkluderer eit problem frå verkelegheita eller til og med mot eit verkeleg publikum

Hjelpespørsmål

Følgjande hjelpespørsmål kan hjelpe deg vidare i planlegginga med dette som fokus:

  • Korleis vil du avdekke og aktivere forkunnskapane til elevane og knytte lærestoffet til eksisterande kunnskap?
  • Korleis vil du skape eit læringsbehov hos elevane ved å presentere noko som vekker undring og behov for forklaring, slik at dei er hekta på kroken og held fast på interessa?
  • Korleis vil du hjelpe elevane med å skreddarsy læringsprosessen ut frå eigne behov, interesser og moglegheiter?
  • Korleis vil du vise relasjon til verda rundt elevane?
  • Korleis vil du leggje til rette for at elevane kan undersøkje?
  • Korleis vil du variere læringsaktivitetane (lese, skrive, snakke, lytte, beskrive, forklare, argumentere, praktiske aktivitetar, samarbeid, individuelt arbeid)?
  • Korleis vil du la elevane kommunisere kompetansen sin?
  • Korleis vil du utfordre forklaringane til elevane ved å stille opne spørsmål?
  • Korleis vil du formidle fagstoff og omgrep?
  • Korleis vil du gi døme og forklaringar (modellere)?
  • Korleis vil du byggje bru til andre delar av faget eller til andre fag?
  • Korleis vil du utfordre elevane gjennom å stille utdjupande spørsmål?
  • Kva læremiddel og ressursar for læring (både analoge og digitale) vil du bruke?
  • Kva skal du bruke ulike teknologiar til?

Bruk av ulike teknologiar

Det er mange ulike læringsaktivitetar som kan gjennomførast ved bruk av ulike teknologiar:

  • eksperimentering ved bruk av nettbasert teknologi
  • undersøkingar ved bruk av nettbasert teknologi
  • kunnskapsproduksjon ved bruk av nettbasert teknologi
  • kommunikasjon ved bruk av nettbasert teknologi; diskusjon, refleksjon etc.
  • byggje læringsfellesskap ved bruk av nettbasert teknologi til samarbeid og sosial interaksjon
  • skrive ved bruk av nettbasert teknologi
  • modellering ved bruk av nettbasert teknologi
  • visualisering ved bruk av nettbasert teknologi

Refleksjon

Kva nytte kan du ha av desse hjelpespørsmåla?

Kjelder

Fiskum, K. og Korsager, M. (2017). 5E-modellen i utforskende undervisning. Oslo: Naturfagsenteret. Henta 09.03.2020 frå
https://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=2049135

Jahnke, I. (2016). Digital Didactical Designs. Teaching and Learning in CrossActionSpaces. New York: Routledge.

Talsethagen, A.S. og Nyhus, J.Ø. (2019). Skrape i overflata eller drukne i djupet? Eit forsøk på å forstå djupnelæring. I Blikstad-Balas og Solbu (red.) (2019). Det (nye) nye norskfaget. s. 124 - 143. Bergen: Fagbokforlaget. Landslaget for norskundervisning (LNU)

Wiggins, G. og McTighe, J. (2005). Understanding by Design (expanded 2nd eid). New Jersey: Pearson Merril Prentice Hall.

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020