Planlegg ein læringssti - Planlegg ein læringssti for NDLA - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Planlegg ein læringssti

Planlegg ein læringssti

Lag ein disposisjon, og organiser stien slik at elevane får ei god og konsistent læringsoppleving.

Slik går du fram når du planlegg

  1. Kompetansemål
    Kva kompetansemål jobbar du ut frå?
  2. Læringsmål
    Kva ved dette kompetansemålet skal eleven lære?
    Formuler læringsmåla, bruk gjerne verba forstå, vite og kunne gjere. Det eleven skal forstå, står på eit vis høgst i hierarkiet. Tenk etter: Kva må eleven vite, og kva må eleven kunne gjere, for å forstå?

    Tips

    Ei god øving kan vere å skrive «for å forstå» bak ordlyden i det kompetansemålet du tek utgangspunkt i. Eksempel: gjere greie for globale hav- og luftstraumar og forklare kva dei har å seie for klimaet – for å forstå samanhengen mellom landskapsformer, vêrsystem og forureiningar i havet.

  3. Evaluering og vurdering
    Korleis skal elevane kunne få evaluert kunnskapar, ferdigheiter og læring undervegs i prosessen, og korleis skal dei kunne vurdere eiga læring heilt til slutt?
  4. Omgrep og gjeremål
    Lag ei liste over sentrale omgrep og gjeremål det er naudsynleg for eleven å meistre.

    • Er det mogleg å teste om elevane meistrar desse?
    • Kva er det viktigaste for eleven å kunne gjennomføre eller prove at han eller ho kan klare?
    • Korleis skal provet skaffast fram og evaluerast?
  5. Læringsaktivitetar
    Kva læringsaktivitetar må eleven gjennom for å kunne skaffe fram prov på læring?

    • Kva treningsøvingar eller forsøk må gjennomførast?
    • Kva arbeidsoppgåver eller arbeidsoppdrag må løysast?
    • Kva må drøftast og diskuterast?
    • Skal elevane samarbeide eller jobbe åleine?
  6. Innføring og rettleiing
    Kva har eleven behov for av praktisk eller teoretisk innføring og rettleiing for å kunne utføre læringsaktivitetane? Kva kan visualiserast, kva må lyttast til, og kva må lesast?
  7. Ta runden på nytt
    Når du har notert ned dei tankane du har for alle dei fem punkta over, tek du ein runde til og strammar opp. Ofte vil omfanget ha blitt for stort. Avgrens omfanget og fokuser læringsmål.
Skrive av Albertine Aaberge og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2017