Planlegg ein læringssti - Undersøk læringsstiar - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Planlegg ein læringssti

Undersøk læringsstiar

Ein læringssti høyrer til eit emne i eit fag og er knytt opp mot spesifikke kompetansemål i læreplanen i faget. Fagstoff og læringsaktivitetar blir organiserte i ei pedagogisk planlagd rekkjefølgje, slik at eleven skal få ein god læringsprosess.

Reflekter og diskuter

  • Kva inntrykk får du av korleis NDLA sine læringsstiar støttar læringsprosessen til elevane?
  • Kva meiner du er ei pedagogisk god rekkjefølgje for organisering av læringsressursar?

Læringstiene er laga for å kunne tilpassast ulike grupper og lærarkompetansar.

  • Finn ein læringsti i faget ditt og tilpass til ein av gruppene dine.

Undersøk stiene

Læringsti: Betongarbeid

Læringsti: Jakten på demokratiets vugge

Læringssti: Utforsk samisk språk i Norge

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2017