Observasjon i markedsføring - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Observasjon i markedsføring

Observasjon er ein metode som blir nytta når vi som marknadsførarar ønsker å observere folk i verkelege situasjonar for å sjå korleis dei opptrer. Vi kan gjere observasjonen ope eller skjult, og det gir svar på kva folk gjer, og ikkje kva dei seier.
Her blir observasjon brukt som metode for å sjå korleis folk reagerer på at datostemplinga er fjerna. Video: Kiwi / CC BY-NC-ND 4.0

Søkelys på åtferd

Det ligg i ordet kva observasjonsmetoden går ut på: Vi observerer åtferd hos forbrukarane. Til dømes kan vi ønske å vite kva forbrukarane kjøper, korleis dei reagerer på ein ny emballasje eller ei ny utstilling. Går dei rett forbi eller stoppar dei? Viss dei stoppar opp, kva produkt ser dei nærare på? Vi får også sjå med eigne auge korleis forbrukarane både handlar og samhandlar. Åtferda som blir observert, gir nyttig informasjon om forbrukarane som marknadsføraren kan jobbe vidare med.

Dei aller fleste av oss har ei indre motstand mot å bli observert, til dømes kan vi føle oss nervøse når vi går gjennom ein pass- eller tollkontroll. Derfor er det viktig at dersom du ønsker å nytte observasjon som metode, kan det vere nyttig å tenke litt på situasjonar der du sjølv har opplevd å bli observert.

Open og skjult observasjon

Vi skil mellom open og skjult observasjon, avhengig av om deltakarane i undersøkinga veit at dei blir observerte eller ikkje. Det beste for undersøkinga sin del er vanlegvis at deltakarane ikkje veit at dei blir observerte, for då er dataa som oftast meir pålitelege. Samtidig kan det representere eit etisk dilemma at menneske ikkje veit at dei er observerte, og at åtferda deira blir registrert og drege nytte av.

Dersom deltakarane er klar over at dei blir observerte, risikerer ein at dei endrar åtferd, og då har undersøkinga liten verdi. Til dømes er det mange av oss som før helga kjøper inn brus, potetgull og godteri som vi har tenkt å kose oss med. Dersom vi veit at vi blir observerte, ville vi kanskje oppført oss annleis for å verke sunnare enn det vi er. Kva trur du?

Fordelar og ulemper ved metoden

Fordelen med observasjonsmetoden er at han gir oss veldig påliteleg informasjon. Vi kan stole på at det vi observerer, faktisk skjer, og vi kan tolke ting i augeblinken. Men observasjon er ein kostbar metode fordi det må vere nokon som observerer og tolkar. I tillegg kan informasjonen vi får, vere mindre påliteleg dersom observasjonsobjekta veit at dei blir observerte. Observasjonsmetoden er også tidkrevjande, og det er ikkje alltid ein organisasjon har så mykje tid å avsjå eller kan ta seg råd til å nytte han.

Skrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2019