Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Datatryggleik

Fagstoff

Norske IKT-sikkerheitsorganisasjonar

Det finst fleire bransjeorganisasjonar og offentlege styresmakter som arbeider med IKT-sikkerheit i Noreg. Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) med underorganisasjonar, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) og Norsk Informasjonssikkerhetsforum (ISF) er viktige aktørar på feltet.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)

Nasjonalt tryggingsorgan er eit direktorat underlagt Forsvarsdepartementet. Hovudoppgåva deira er å koordinere førebyggande sikkerheitstiltak og kontrollere sikkerheita i alle verksemder som blir omfatta av tryggingslova. Det gjeld mellom anna stat og kommune og private verksemder som er leverandørar av sikkerheitsgraderte varer eller tenester til det offentlege. IKT-sikkerheit er ein viktig del av arbeidet til NSM, sjølv om ansvarsområdet deira òg dekker andre delar av sikkerheitsfeltet.

NSM har fleire roller og underorganisasjonar.

Nasjonalt cybertryggingssenter (NCSC)

Nasjonalt cybertryggingssenter (NCSC) er Noregs nasjonale senter for handtering av alvorlege dataangrep mot samfunnskritisk infrastruktur og informasjon. NCSC arbeider både med førebygging og koordinering av respons til alvorlege dataangrep. NCSC har døgnvakt og tek imot tips frå bedrifter i tillegg til at dei driftar eit større sensornettverk med sensorar ute i større bedrifter og infrastruktur som kan varsle om større dataangrep.

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS)

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) var tidlegare ein ideell organisasjon, men vart underlagd NSM i 2024. Hovudfokuset deira er informasjonssikkerhet for privatpersonar, små og mellomstore bedrifter.

NorSIS driv med forsking, driftar tenesta Slettmeg.no, som gir rettleiing om sletting av personleg informasjon frå nettbaserte tenester, og har mellom anna eit hovudansvar for den årlege kampanjen Nasjonal tryggingsmånad. NorSIS er i tillegg samarbeidspartnar for Nettvett.no.

Sertifiseringsmyndigheita for IT-tryggleik (SERTIT)

Sertifiseringsmyndigheita for IT-tryggleik (SERTIT) varetek Noregs deltaking i internasjonale avtalar om sertifisering av tryggleik for produkt og system. Avtalane sikrar at vi kan ha felles standardar for tryggleik og sertifiseringar som er gyldige i heile verda. Dette er veldig nyttig i dagens samfunn med handel på kryss av land og global kommunikasjon. SERTIT har godkjent nokre få eksterne sikkerheitsbedrifter til å gjere evaluering av produkt og system. Basert på resultata frå evalueringane desse bedriftene gjer, utferdar SERTIT IT-sikkerheitssertifikat til produktet eller systemet som vart testa.

Andre roller og oppgåver

Nasjonalt tryggingsorgan fører tilsyn med sikkerheitstilstanden i norske verksemder. Målet er å avdekke behov for forbetringar av den førebyggande sikkerheitstenesta for verksemda, i tillegg til at det gir NSM innblikk i den faktiske tilstanden i bedriftene.

NSM er òg fagstyresmakt for personellsikkerheit innanfor tryggingslova. Det inneber at dei utviklar, driv kontroll med, har register over og er klageinstans i saker relaterte til sikkerheitsklarering. Sikkerheitsklarering er påkravd i lova viss ein person skal ha tilgang til informasjon som er gradert konfidensielt eller høgare. Dette kan til dømes vere IT-tilsette i enkelte bedrifter eller i det offentlege.

NSM har i tillegg oppgåver knytte til å sikre fysisk sikkerheit, leverandørforhold og krypto- og kommunikasjonssikkerheit i verksemder som handterer gradert informasjon.

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)

Oppgåva til Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er å bidra til modernisering og omstilling av offentleg sektor (både stat og kommune). Som direktorat arbeider dei over heile landet og har ekspertise innan mange ulike område, informasjonssikkerheit er eitt av dei.

Digdir lagar rettleiarar, held kurs og driv Nettverk for informasjonstryggleik (NIFS) som arrangerer jamlege fagseminar for offentleg tilsette som arbeider innan informasjonssikkerheitsfeltet.

Norsk Informasjonssikkerhetsforum (ISF)

Norsk Informasjonssikkerhetsforum er ein ideell organisasjon som arbeider med å heve sikkerheitsnivået hos medlemmene sine og i det norske samfunnet elles. Målet er å samarbeide i prosjekt for å klargjere og avklare truslar og sårbarheiter for kvar enkelt organisasjon. I tillegg arrangerer ISF temakonferansar, og dei starta i 2019 ein årleg sikkerheitsfestival. ISF har ei blanding av private og offentlege verksemder som medlemmer.

Skrive av Arne Jansen og Tron Bårdgård. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS.
Sist oppdatert 27.10.2025