Kvalitative intervjuundersøkingar - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvalitative intervjuundersøkingar

Kvalitative intervju blir ofte brukte i skuleprosjekt. Denne metoden gjer det mogleg for informanten å utdjupe synspunkta sine og komme med tilleggsinformasjon. Kanskje får du vite ting du aldri hadde komme på å spørje om?

Planlegg intervjuet i forkant

Kvalitative forskingsopplegg krev ein litt annan type forarbeid enn kvantitative. Det er i mindre grad mogleg å operasjonalisere problemstillinga enn ved spørjeundersøkingar. Med andre ord: Det er i mindre grad mogleg å lage spørsmål som gir einsarta svar som kan gjerast om til tal. På den andre sida kan de gjennom denne typen intervju få fram kunnskap som spørjeundersøkingar og statistikk ikkje kan fange opp

De bør bruke tid på førehand på å setje dykk inn i temaet de vil snakke om, og tenkje gjennom kva slags informasjon de vil ha frå personane de intervjuar. Spørsmåla i eit spørjeskjema kan de ikkje endre på når undersøkinga først er i gang, men i eit intervju er det fullt mogleg å leggje til utdjupande spørsmål mens de snakkar med intervjupersonane.

Semistrukturerte intervju

Den vanlegaste forma for intervju kallar vi gjerne semistrukturerte intervju (ordet semistrukturert tyder "halvstrukturert, delvis strukturert"). Denne typen intervju kan best karakteriserast som ein samtale mellom forskaren og ein respondent, der gangen i samtalen er styrt av forskaren

På førehand har forskaren laga ein intervjuguide, ein plan for kva for tema ho ønskjer å snakke om. Intervjuguiden skal lagast med utgangspunkt i problemstillinga. Er de for eksempel interesserte i korleis intervjupersonane tenkjer og prioriterer når det gjeld yrkesval, så lagar de altså ein plan for korleis desse tema skal introduserast i samtalen.

Det vanlegaste er å starte med spørsmål som er ganske enkle å svare på. Ved å starte med enkle spørsmål sørgjer de for at samtalen er i gang før de kjem inn på tema som er meir personlege. Er temaet yrkesval blant skoleelevar, kan det for eksempel vere fornuftig å starte med enkle spørsmål som: Kva for klassetrinn går du på? Kva for fag har du valt?

Dersom problemstillinga handlar om vurderingar og prioriteringar som ligg til grunn for yrkesvalet, så kunne de kanskje ha dreidd samtalen inn mot kvifor elevane har valt akkurat desse skolefaga. I kvalitative intervju bør temaspørsmåla være opne, slik som: "Fortel om ...", "Kva meiner du om ...", "Kvifor valde du ..."

Opptak av intervju

Det er ein stor fordel å ta opp intervjua. Da kan de høyre på dei fleire gonger, og dei blir langt enklare å bruke i analysen. Dette gjeld enda om de ikkje planlegg å transkribere (skrive ut) intervjua.

Alternativet er å ta notat samtidig som de intervjuar. Men det er svært vanskeleg å lytte aktivt til det som blir sagt og i tillegg ta gode notat. Ei nødløysing kan derfor vere at éin person intervjuar, og ein annen tek notat. Det kan likevel vere ubehageleg for den som blir intervjua å vere i mindretal, slik at de bør unngå denne løysinga i det lengste.

Dersom de fordeler intervjuarbeidet på fleire i gruppa, bør de diskutere gjennomføringa slik at de sikrar at intervjupersonane blir spurde på omtrent den same måten. Det kan også vere lurt at gruppa møtest for å diskutere korleis det har gått, etter at alle har intervjua éin person. Kanskje det har dukka opp interessante tema eller forskjellar mellom intervjupersonane, noko som de bør utforske i dei intervjua som gjenstår?

Skrive av Gisle Andersen. Rettshavar: Holbergprisen i skolen
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020