Installer NDLA Virtual Tour 360 og lag digitale kodekammer - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Installer NDLA Virtual Tour 360 og lag digitale kodekammer

Ved å følge denne rettleiinga kan du lage dine eigne digitale kodekammer (escape rooms).

H5P

H5P er eit bibliotek med interaktive oppgåver som du kan køyre gratis i nettbaserte system som WordPress, Drupal og Moodle. I denne rettleiinga skal vi derimot bruke Lumi, som gir deg moglegheit til å lage interaktive oppgåver lokalt på datamaskina.

Sidan Lumi og H5P ikkje er ein del av NDLA, tek vi ikkje ansvar for bruken av desse verktøya utanfor plattforma vår. Sørg derfor for at bruken av desse verktøya er godkjend av IKT- og GDPR-ansvarleg i din organisasjon.

Slik går du fram for å lage digitale kodekammer (escape rooms):

  1. Last ned og installer Lumi.

  2. Last ned H5P-innhaldstypen NDLA Virtual Tour (360). Fila du skal laste ned, heiter NDLA VT360 v0.4.98.h5p (2,48 MB).

  3. Opne Lumi.

  4. Klikk på tannhjulet for å opne innstillingane.

  5. Klikk på H5P Libraries. Last inn fila NDLA VT360 v0.4.98.h5p for å installere innhaldstypen.

  6. Gå tilbake og vel H5P Editor og Lage ny H5P.

  7. Vel NDLA Virtual Tour (360) i lista. Du kan no byrje å lage dine eigne digitale kodekammer.

Her finn du nokre pakkar med 360-bilete du kan bruke for å komme i gang:

Alle 360-bileta er leverte på lisensen CC BY-SA og kan brukast fritt.

Skrive av Jan Frode Lindsø og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2022