Innføring i Samtavla - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Innføring i Samtavla

Gi elevane ei tavle å dele bidrag på. Bruk den visuelle flata til å organisere bidrag, og la bidraga til elevane drive dialogen.

Kva er Samtavla?

Samtavla er eit verktøy som er utvikla for å støtte læring gjennom utforskande samtalar. Du kan logge deg på med Feide. På Samtavla blir korte meldingar delte på ei felles tavle. Samtavlene kan du dele med ei gruppe ved å dele ein pinkode ved oppstart.

Dei som deltek, kan skrive korte kommentarar. Tavleadministrator kan så legge ut desse kommentarane på ei felles tavle, basert på ein felles bidragsstraum. Deltakarane har òg sine eigne tavler som dei sjølve og tavleeigaren har tilgang til. Samtavla kan brukast som verktøy både for ein heil klasse og for mindre grupper.

Korleis dele ei samtavle?

Tavla blir delt via ein unik pinkode. Denne pinkoden kan brukast seinare, for å bygge vidare på same tavle. Elevar kan gå inn på tavler heimanfrå ved å bruke pinkoden til ei open tavle. Administrator av tavla bør då ha vurdert dette som trygt og følge med på aktiviteten. Elles kan tavler opnast og lukkast til undervisningsøktene.

Kvifor bruke Samtavla?

Ved å bruke Samtavla kan vi få fleire elevar til å delta aktivt. Det korte formatet blir oppfatta som ein låg terskel, samtidig utfordrar formatet til konsis og presis språkbruk. Utfordre gjerne elevane til å organisere tavlebidrag i kategoriar og prioriteringar ved å flytte dei i grupperingar.

Les meir om Samtavla

Nokre tips til læraren

Læraren bør tenke gjennom om ei samtavle skal bli liggande open for bidrag frå dei som har tilgang til pinkoden, eller om ho skal lukkast etter at undervisningsøkta er ferdig.

Læraren og elevane bør òg bli einige om visse køyrereglar for kommunikasjonen. Ei samtavle kan gjerne brukast til å gjere oss alle flinkare til å kommunisere sakleg og konstruktivt og til å bruke kjelder på ein presis og god måte.

Skrive av Knut Inge Skifjeld og Jan Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020