Korleis designar du læring? - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis designar du læring?

Korleis skal fagstoff plukkast ut, bli fortolka og lært? Kva skal elevane vurderast i og korleis? Kva aktivitetar må elevane gjere, kva verktøy og fagstoff er relevant for elevane og korleis rettleier du elevane undervegs i læringsprosessen?

Vi skal sjå nærare på korleis du som enkeltlærar eller som lærargruppe kan designe læring for å gi elevane ei best mogleg læringsoppleving. Men først kan det vere verd å reflektere over følgjande spørsmål:

Refleksjon

  • Kva avgjerder tek eg eigentleg når eg planlegg?
  • På kva grunnlag bestemmer eg kva aktivitetar, ressursar og teknologiar som skal brukast?

Baklengs planlegging

I forskingslitteraturen finst det mange tilnærmingar til korleis ein kan designe læring. Dei fleste har mykje til felles med det Biggs og Tang (2011) kallar for “Samstemd undervisning”, også kjend som "baklengs planlegging". Modellen set i samanheng klare og eintydige læringsmål, korleis læringa skal vurderast og kva læringsaktivitetar som skal vere med.

Det er ein fordel å få oversikt over det store biletet før enkelte prosjekt eller læringsøkter blir designa. Først må du/de finne ut kva elevane skal lære, altså kva læringsmål dei skal nå, deretter korleis læringsmåla skal vurderast. Til slutt må læremiddel, bruk av teknologi, pedagogikk og tilrettelegging av læringsaktivitetar organiserast deretter. På den måten blir læringa samstemd. Prinsippet "baklengs planlegging" gjer fokuset for læringa til elevane tydeleg.

Refleksjon

Korleis stemmer ein slik læringsdesign med din planlegging av læringa til elevane? Kva for ein av desse tre fasane meiner du er viktigast? Kvifor?

Kjelder

Biggs, J. B., & Tang, C. (2011). Teaching for quality learning at university: what the student does. Berkshire: Open University Press.

Hagelia, M. (2018). Hva er egentlig læringsdesign? Lasta ned 03.03.2020 frå https://dataskole.wordpress.com/2018/01/26/hva-er-egentlig-laeringsdesign/#_ftn5

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020