Kva er kritisk tenking? - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er kritisk tenking?

Kritisk tenking som mål for skulegangen har vorte løfta fram i overordna del og står som ein sentral verdi i føremåla for fag i resten av læreplanverket (LK20). Her er ein introduksjon og refleksjon over kva kritisk tenking er. Kva kjenneteiknar den kritisk tenkjande eleven?

Kritisk tenking som omgrep i skulesamanheng er ikkje noko nytt. Det har vore definert som eit viktig mål for skulen i mange tiår, både blant teoretikarar og oss lærarar.

Kva er kritisk tenking?

I NOU-rapporten Fremtidens skole – Fornyelse av fag og kompetanser (NOU 2015: 8) frå Ludvigsen-utvalet vart kritisk tenking og problemløysing løfta fram som ein viktig kompetanse, og det vart vidareført i Stortingsmelding 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet. Samtidig kjem det ikkje tydeleg fram i desse styringsdokumenta kva kritisk tenking eigentleg betyr.

Som Lipman peikar på: "If schools are to succeed in teaching critical thinking, educators must have a clear idea of what it is" (Lipman, 1988, s. 38).

Før du les vidare

Kva legg du i omgrepet kritisk tenking?

Definisjonar av kritisk tenking

Opphavet til ordet kritisk finn vi i det greske krinein, som betyr "å skilje", og det er dette som er kjernen i kritisk tenking, det å kunne skilje mellom premissane i ulike påstandar og ut frå det ta sjølvstendig stilling og vurdere dei på eige grunnlag (Jegstad et al., 2019).

Det finst inga generell semje i faglitteratur om korleis ein skal definere kritisk tenking. Det er omstridd om kritisk tenking er generiske ferdigheiter som kan trenast opp på tvers av fag, eller lærast innan fag (Nygren et al., 2019). Det er òg usemje om fokuset skal vere berre på evna til å tenkje kritisk, eller om det òg høyrer med ein vilje til å handle på grunnlag av den innsikta ein oppnår (Shpeizer, 2018).

For å setje det på spissen: Held det at vi fullt ut forstår konsekvensane av menneskeskapte klimaendringar, eller må vi òg bevise gjennom handlingar at vi er kritisk tenkjande?

To ulike definisjonar

Deweys definisjon av reflekterande tenking er eit utgangspunkt: "Active, persistent, and careful consideration of a belief or supposed form of knowledge in the light of the grounds which support it, and the further conclusions to which it tends" (Dewey, 1997, s. 6).

Den mest anerkjende definisjonen er kanskje Ennis' (1985) definisjon: "reflective and reasonable thinking that is focused on deciding what to believe or do" (Ennis, 1985, s. 45). Tenking basert på rimelegheit og refleksjon vil vere det som avgjer for individ kva dei trur på, kva moglegheiter som finst, og korleis dei handlar.

Ifølgje Rasmussen (2017) er det nokre felles element som går igjen i ulike definisjonar av kritisk tenking: "Å tenke kritisk innebærer at man aktivt søker informasjon, også informasjon som ikke bekrefter ens nåværende oppfatning, og at man vurderer informasjonen etter kvalitetsstandarder."

Stikkord her er

  1. å vurdere og integrere informasjon

  2. å skilje mellom fakta og oppfatningar/kjensler

  3. å trekkje slutningar med utgangspunkt i ulike informasjonskjelder

To sentrale ferdigheiter

Kritisk tenking inneber å tenkje over komplekse spørsmål som ikkje har eintydige svar. Her er argumentasjon og strategisk kjeldevurdering sentrale ferdigheiter (Ferguson og Bubikova-Moan, 2019):

  1. Argumentasjon er å kunne ta ein ståstad i ei sak basert på haldbare grunnar som ein har belegg for. Dette inneber å kunne vurdere gyldigheita av påstandar og dessutan å tenkje gjennom moglege motargument og kome dei i møte.

  2. Strategisk kjeldevurdering er evna til å bruke informasjon frå ulike hald og til å tolke innhaldet. Kva slags informasjon eller publikasjon har vi med å gjere? Kven er utgivar? Når vart han publisert? Spørsmåla kan vi stille oss til alle typar publiserte tekstar.

    I debattar på tv kan vi til dømes spørje oss om deltakarane er kvalifiserte til å uttale seg om temaet, og kvifor dei gjer det. Har dei truverd og autoritet som gjer at vi kan stole på det dei seier?

Grunnhaldning

Ved sida av ferdigheiter er grunnhaldning (eller disposisjon) eit sentralt aspekt. Med grunnhaldning meiner vi kva verdiar eller haldningar som formar tankane og handlingane våre (Facione, 1990). Grunnhaldningane kan vere retta mot korleis du møter ulike utfordringar i livet generelt eller spesifikt.

Facione (1990) trekkjer fram følgjande grunnhaldningar til kritisk tenking:

  • eit ønske om å vere velinformert

  • eit ope sinn overfor divergerande verdssyn

  • forståing for meiningane til andre menneske

  • nøyaktigheit og grundigheit i leitinga etter relevant informasjon

Det finst altså nokre grunnhaldningar som er viktige når vi arbeider med kritisk tenking, og som vi kan rekne som avgjerande for å definere både kva kritisk tenking er, og kva den gode kritiske tenkjaren gjer (Facione, 1990).

Refleksjon

Korleis kan du som lærar byggje opp om grunnhaldningar som støttar opp om kritisk tenking?

Den kritiske tenkjande eleven

Kva kjenneteiknar den kritiske tenkjaren? Scheie og Halvorsen (2018) har laga ei liste som beskriv ferdigheiter knytte til kritisk tenking, henta frå faglitteratur på feltet.

  1. Vel ut, prioriter og grupper ferdigheiter frå lista nedanfor med utgangspunkt i erfaringar med eigne elevar. Kva kjenneteiknar den kritiske tenkjande eleven, sett frå ståstaden din?

  2. Reflekter: Kva prioriteringar og grupperingar har du kome fram til? Reflekter over prioriteringane du har gjort. Tenk òg over: Kva konsekvensar har prioriteringa og grupperinga for korleis du underviser elevane dine?

Ein kritisk tenkjer

  • er audmjuk overfor omverda

  • innrømmer manglande kunnskap og forståing

  • er villig til å undersøkje hypotesar og meiningar

  • brukar bevis/evidens/kunnskap i argumentasjon

  • argumenterer for personlege val

  • ventar til alle fakta er på bordet før ein bedømmer

  • deler ny kunnskap

  • formulerer argument for eigne og andre sine meiningar

  • utfordrar eigen moral og kjenslemessige reaksjonar

  • reflekterer

  • aksepterer meininga til andre

  • samanliknar eigne meiningar med meiningane til andre

  • søkjer bevis for å støtte hypotesar

  • evaluerer påstandar og argument

  • skil mellom presise og upresise skildringar

  • skil mellom fakta og meining

  • er open for å forandre meining

  • stiller relevante spørsmål

  • identifiserer problem og moglege løysingar

  • ser ei sak frå fleire sider

  • identifiserer informasjon frå bestemde interessegrupper

  • identifiserer konsekvensar av bestemde handlingar

  • er nysgjerrig og søkjer etter informasjon

  • søkjer klarheit og nøyaktigheit

  • søkjer nye løysingar

  • er ein forsiktig lyttar

Kjelder

Dewey, J. (1997). How we think. Dover Publications, Inc.

Ennis, R. H. (1987). A taxonomy of critical thinking dispositions and abilities. I Baron, J. og Sternberg, R. (Red.), Teaching Thinking Skills: Theory and Practice. W.H. Freeman.

Facione, P. A. (1990). Critical Thinking: A Statement of Expert Consensus for Purpose of Educational Assessment and Instruction (The Delphi Report). Henta frå https://philarchive.org/archive/faccta

Facione, P. A. (2020). Critical thinking: What It Is and Why it Counts. Insight Assessment, The California Academic Press. https://www.insightassessment.com/wp-content/uploads/ia/pdf/whatwhy.PDF

Ferguson, L. og Bubikova-Moan, J. (2019, 15. november). Kunsten å tenke kritisk. Forskersonen. https://forskersonen.no/meninger-pedagogiske-fag-populaervitenskap/kunsten-a-tenke-kritisk/1609145

Jegstad, K., Jøsok, E., Ryen, E. & Sandvik, M. (2019, 2. august). Kritisk tenkning i klasserommet. Utdanningsnytt. https://www.utdanningsnytt.no/fagartikkel-fagfornyelse-laereplaner/kritisk-tenkning-i-klasserommet/207602

Meld. St. 28 (2015–2016). Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/contentassets/e8e1f41732ca4a64b003fca213ae663b/no/pdfs/stm201520160028000dddpdfs.PDF

Lipman, M. (1988). Critical Thinking – What Can It Be? Educational Leadership, 38–43. https://files.ascd.org/staticfiles/ascd/pdf/journals/ed_lead/el_198809_lipman.pdf

NOU 2015: 8. (2015). Fremtidens skole – Fornyelse av fag og kompetanser. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2015-8/id2417001/

Nygren, T., Haglund, J., Samuelsson, C., Gejerstam, Å. & Prytz, J. (2019). Critical thinking in national tests across four subjects in Swedish compulsory school. Education Enquiry, 10:1, 56–75.

Rasmussen, I. (2017, april). Falske nyheter: Hva kan skolen gjøre? Aftenposten Innsikt. http://www.aftenposteninnsikt.no/kulturtrender/falske-nyheter-hva-kan-skolen-gj-re

Scheie, E. og Halvorsen, L. (2018). Fremtiden er i klasserommet ditt! Kritisk tenkning i arbeid med bærekraftig utvikling. Naturfag nr. 1 2018, 104–107.

Shpeizer, R. (2018). Teaching critical thinking as a vehicle for personal and social transformation. Research in Education, 0(0), 1–18.

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021