Helseinformasjon for innvandrarar og ungdom med kort butid - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Helseinformasjon for innvandrarar og ungdom med kort butid

Ungdom med kort butid i Noreg kan ha stort behov for tilrettelagt og kultursensitiv informasjon om psykisk helse. Sunn Start – psykisk helse for ungdom er eit førebyggjande og helsefremjande undervisningsmateriell. Det er spesielt tilpassa personar med låg språk- og helsekompetanse.

Viss du har innvandrarbakgrunn, kan det vere vanskeleg å finne god tilpassa informasjon om fysisk og psykisk helse. I samarbeid med ei rekkje andre aktørar har Helseetaten i Oslo kommune utvikla eit dialogbasert undervisnings- og rettleiingsmateriell om ulike helsetema. Dette har dei kalla Sunn Start.

Sunn Start er utvikla i samarbeid med ungdom og vaksne med innvandrarbakgrunn og er spesielt tilpassa personar med låg helsekompetanse og låge språkferdigheiter.

Sunn start – psykisk helse for ungdom med kort butid

For ungdom med kort butid i Noreg kan psykisk helse vere eit viktig tema. For å gi ungdommane auka kunnskap, og skape meir openheit om psykisk helse, har Helseetaten i samarbeid med ungdom utvikla undervisningsopplegget Sunn Start – psykisk helse for ungdom.

Målet med undervisningsopplegget er å auke ungdommen sin kunnskap om psykisk helse og lokale helsetilbod i tillegg til å redusere stigma knytt til emnet psykisk helse. Vidare er målet å gjere ungdommar meir klar over ressursane dei har som fleirkulturelle og gjere dei betre i stand til å ta vare på eiga helse. Sunn Start – psykisk helse for ungdom består av tre hovudtema:

  • psykisk helse

  • stress hos ungdom

  • mobbing blant ungdom

Sjølve undervisningsopplegget har blitt utvikla i tett samarbeid med elevar og lærarar og har fått gode tilbakemeldingar på skulen der det har blitt testa ut.

Sunn Start – psykisk helse for ungdom består av ein PDF-presentasjon med refleksjonsoppgåver og ein kahoot- konkurranse. Det inneheld òg eit rettleiingshefte for lærarar med oppgåver til elevane. Heftet inneheld meir inngåande informasjon om psykisk helse og konkrete tips til korleis læraren kan planleggje og gjennomføre sjølve undervisninga.

Undervisningsopplegget er tilgjengeleg på Sunn Start – psykisk helse for ungdom (sunnstartnorge.no)

Helseinformasjon for innvandrarar

Personar med innvandrar- og/eller flyktningbakgrunn kan ha behov for betre tilpassa informasjon om fysisk og psykisk helse. Derfor har Helseetaten i samarbeid med personar med innvandrarbakgrunn utarbeidd eit undervisningsmateriell spesielt tilpassa personar med låg språkforståing og helsekompetanse. I tillegg til Sunn Start – psykisk helse for ungdom har Helseetaten utvikla følgjande helsemodular:

  • mat og helse

  • munnhelse

  • psykisk helse

Helsemodulane består mellom anna av rettleiarhefte med støtteinformasjon om dei ulike helsetemaa, forslag til undervisningsplan og oppgåver, deltakarhefte og PDF-presentasjonar til kvart helsetema.

Undervisningsmaterialet er tilgjengeleg på Sunn Start – helsemateriell (sunnstartnorge.no)

Sunn Start er anbefalt av mellom anna Helsedirektoratet, Folkehelseintituttet, VIP Psykisk helse i skolen og Raudekrossen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen og Amar Welde.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022