Fleirfaktor-pålogging

Viktige omgrep
- autentisering
- ein prosess som stadfestar identiteten til ein brukar når hen loggar seg på eit system, autentisering og pålogging er derfor nærskylde omgrep
- faktor
- ein bestemd autentiseringsmetode
- tofaktor-autentisering
- autentisering med to autentiseringsmetodar, blir òg kalla tofaktor-pålogging
- fleirfaktor-autentisering
- alle former for pålogging som krev to eller fleire faktorar, blir òg kalla fleirfaktor-pålogging
Enfaktor-autentisering og flerfaktor-autentisering
Det er fordeler og ulemper ved ulike autentiseringsmetodar (faktorar). Passord, som er ein av dei mest brukte autentiseringsmetodane, er til dømes sårbart åleine. Ei løysing som er i ferd med å bli veldig vanleg, er å krevje pålogging med fleire autentiseringsmetodar (tofaktor- eller fleirfaktor-autentisering).
Film: Kva er flerfaktorautentisering?
I animasjonen under (lengde 1:20) kan du sjå korleis einfaktor-pålogging fungerer samanlikna med fleirfaktor-pålogging.
Ein trusselaktør kan få tak i brukarnamnet og passordet ditt, og dermed blir sikkerheita broten. Fleirfaktor-pålogging omfattar i tillegg autentisering med ein app-kode som blir send til telefonen din. Denne har ikkje trusselaktøren tilgang til, og dermed klarer ikkje trusselaktøren å logge seg på sjølv om hen har både brukarnamnet og passordet.
Animasjonen har ikkje lyd.
Kombinasjonar av autentiseringsmetodar
Vi kan betre sikkerheita ved å kombinere flere autentiseringsmetodar. Det inneber ofte å kombinere noko vi kan (passord), med noko vi har (til dømes telefon med app), eller noko vi er (biometri, til dømes fingeravtrykk).
Film: Metodar for fleirfaktor-pålogging
Animasjonen under (lengde 1:35) viser døme på forskjellige kombinasjonar av autentiseringsmetodar som blir brukte i fleirfaktor-pålogging:
Pålogging med passord og stadfestingskode via sms eller e-post er mykje brukt, men det er ikkje veldig trygt sidan slike meldingar kan bli snappa opp.
Pålogging med passord og stadfestingskode gjennom mobilapp er tryggare og blir stadig meir brukt.
Pålogging med passord og fysisk autentiseringsnøkkel er veldig trygt, men litt upraktisk.
Det er òg mogleg å bruke fleire enn to faktorar ved pålogging, til dømes passord, e-postkode og app-generert kode. Dette gir best sikkerheit, men gjer at pålogginga tek lengre tid.
Animasjonen har ikkje lyd.
Relatert innhald
Vi kan autentisere oss på mange måtar når vi skal bruke datasystem. Kvar av desse har sine fordelar og ulemper.
I system som bruker passord, er det viktig å lage passord som er vanskelege å gjette. Det er òg viktig å kjenne til dei vanlegaste feila folk gjer.