Oppgave
Eit stressmeistrande klassemiljø
Kva kan de i klassen gjere saman for å minske press og negativt stress? I desse oppgåvene skal de lage konkrete forslag til kva lærarar og elevar kan gjere for å skape eit stressmeistrande klassemiljø.
- Korleis kan de hjelpe kvarandre å meistre faglege og sosiale utfordringar?
- Korleis kan de støtte og oppmuntre kvarandre?
- Korleis kan de hjelpe kvarandre å revurdere situasjonen og tenkje annleis når noko verkar vanskeleg og håplaust?
Viss du skal vere heilt ærleg, kva for mål trur du at du sjølv og dei andre elevane i klassen din har for skulearbeidet?
- Å lære ny kunnskap og meistre nye evner?
- Å vise kva du kan og få ros og gode karakterar?
- Å unngå kjeft og dårlege karakterar?
- Kvifor trur de at elevar som fokuserer på å lære ny kunnskap og meistre nye evner, opplever mindre press og negativt stress enn elevar som har fokus på å vise det dei kan og få gode karakterar?
- Kvifor trur de det oppstår eit prestasjonsorientert miljø i enkelte klassar? Er det på grunn av samfunnet, skulen, læraren, foreldra eller elevane? Grunngi svaret.
- Korleis kan lærarane og elevane saman skape eit meistringsorientert læringsmiljø med større fokus på læring og mindre fokus på prestasjonar? Bli samde om minst tre konkrete forslag.
Korleis kan læraren kan skape mindre stress i klasserommet? Ta utgangspunkt i dei ti tipsa til læraren under. Viss de skulle velje tre råd til dykkar eigne lærarar, kva råd ville de gitt?
Desse oppgåvene er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.
Bru, E. & Roland, P. (red). (2019). Stress og mestring i skolen. Bergen: Fagbokforlaget.
Utdanningsnytt (2019, 2 september). Slik hjelper du elevene med å takle stress og prestasjonsangst. Henta frå https://www.utdanningsnytt.no/laererrollen-psykisk-helse/slik-hjelper-du-elevene-med-a-takle-stress-og-prestasjonsangst/210888