Digitale verktøy til presentasjon - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Digitale verktøy til presentasjon

Presentasjon av arbeid i fag kan gjerast på mange ulike måtar. Nokre digitale verktøy støttar lineære framstillingar, andre viser samanhengar, mens ein tredje kategori gir moglegheit for å publisere innhald.

Strukturer presentasjonen din

Bruk av digitale presentasjonsverktøy hjelper deg med å sortere, organisere og formidle forståinga di for eit emne eller ei problemstilling. Det kan hjelpe deg med å forstå og vise samanhengar i og mellom fag kva erfaringar du har gjort deg i ein læringsprosess

Nokre digitale presentasjonsverktøy gir verdifull visuell støtte i ein munnleg presentasjon, mens nokre verktøy gir deg moglegheit til å publisere ferdig omarbeidd innhald.

Verktøya i som er lista opp under, har gratisversjonar, men du må gjerne ha pålogging for å ta dei i bruk. Opprett gjerne ein eigen brukarprofil for innlogging til slike verktøy.

Lysbiletevisning

Lysbiletevisning er det presentasjonsverktøyet vi er best kjende med. Vanlegvis blir lysbileta viste fram på skjerm i klassen mens du har ei munnleg framføring. Ein lysbiletepresentasjon hjelper deg med å sortere eit innhald i ei lineær rekkefølge. Du får øving i å ha ein tydeleg start, halde på eit fokus undervegs og ha ei klar avslutning.

I tillegg til at lysbiletevisning gir deg øving i å systematisere og formidle ein bodskap, øver du deg i å samanlikne tale frå manus med visuell støtte frå lysbileta mens du kommuniserer med eit publikum.

Samanhengar

Det finst andre verktøy du kan bruke for å støtte ein munnleg presentasjon visuelt. Desse kan hjelpe deg med å vise fram samanhengar som ikkje nødvendigvis er lineære.

Publisering

I nokre samanhengar skal du setje saman og levere innhald utan ein munnleg presentasjon. Her får du øving i å sortere og prioritere innhald og dessutan ferdigstille tekstar og setje dei i samanheng med bilete og video.

Verktøy for publisering eignar seg godt til samarbeid fordi dei kan ta opp i seg mykje stoff.

Hugs å ta omsyn til reglar og lovverk ved open publisering av andre sitt innhald.


Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020