Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Frå enkle til samansette instruksar

For å få mest mogleg ut av ein praterobot må vi vite korleis instruksar fungerer. Øv deg på å bruke enkle og samansette instruksar.

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

Til læraren

Øvingane kan følgast trinnvis for å gradvis få ei betre forståing for korleis instruksar kan brukast frå eit enkelt spørsmål til ein meir kompleks instruks.

Øvingane kan òg brukast som ein guide til fordjuping i eit lærestoff, frå overflatekunnskap og omgrepsinnlæring til å arbeide vidare med lærestoff og djupnekunnskap.

A. Utforsk bruk av instruksar

Øvingane under er laga for at du skal lære å bruke praterobotar. Du øver deg på heilt enkle spørsmål og får etter kvart utforske meir samansette oppgåver. Slik vil du kunne bruke praterobotar til å fordjupe deg i eit fagleg tema når du treng det.

  • Bruk døma på instruksar som ein mal og tilpass til faget ditt og behova dine.

  • Opprett eit dokument der du samlar instruksene du testar ut, for å diskutere og dele i par og i klassen etterpå.

Øvingar

1. Enkel instruksjon

Spør prateroboten om det du lurer på, og gi han ei oppgåve som du vil han skal løyse. Start med ei klar og enkel setning, til dømes: "Gi meg tre omgrep som eg må kunne bruke for å forstå maktfordelingsprinsippet."

Prøv sjølv ved å bruke denne malen:

"Gi meg [tal] omgrep som er relevante for å forklare temaet [tema]."

2. Gi prateroboten ei rolle og ei spesifikk oppgåve

Målet er at du skal forstå korleis du kan tildele språkmodellen, altså prateroboten, ei spesifikk rolle.

Definer rolla tydeleg og beskriv oppgåva prateroboten skal utføre, til dømes: "Du er ein samfunnskunnskapslærar på vidaregåande skule. Forklar dei viktigaste punkta i norsk politikk."

Prøv sjølv ved å bruke denne malen:

"Du er ein [rolle]. Forklar dei viktigaste punkta i [tema]."

3. Øv deg på lengre instruksar – gi fleire detaljar

Målet er at du skal lære å lage lengre instruksar.

Skriv ein instruks som inkluderer fleire detaljar, og spesifiser kva element som skal vere med i svaret, til dømes: "Du er ein dommarfullmektig. Forklar meg kva oppgåver du har, og inkluder døme som viser rolla di i maktfordelingsprinsippet."

Prøv sjølv ved å bruke denne malen:

"Du er ein [rolle]. Eg vil at du skal [oppgåve]. Forklar [konsept] og bruk døme i forklaringa."

4. Snevre inn til spesifikke oppgåver

Målet er at du skal lære å lage instruksar som snevrar inn til meir spesifikke oppgåver.

Gi ei spesifikk oppgåve med klare kriterium og be språkmodellen forklare prosessen eller trinna, til dømes: "Du er ein samfunnsvitar. Hjelp meg med å forstå fordelar og ulemper ved maktfordelingsprinsippet. Presenter svara i ein tabell med døme, både fordelar og ulemper. Inkluder nokre kritiske refleksjonsspørsmål."

Prøv sjølv ved å bruke denne malen:

"Du er ein [rolle]. Hjelp meg med [førespurnad eller tematisk avgrensing]. Presenter svara i [ønskt format]. Inkluder [fleire førespurnader]."

5. Sett saman ein komplett instruks

Målet er at du skal kombinere alle ferdigheitene dine for å lage ein komplett og detaljert instuks.

Gi prateroboten ei meir omfattande og detaljert oppgåve i fleire ledd, til dømes: "Du er ein samfunnsvitar som skal hjelpe meg med å lage ein disposisjon for ein samfunnsfagleg artikkel om maktfordelinga i Noreg. Inkluder ein introduksjon og forslag til argument og motargument eg kan fordjupe meg i. Sørg for at disposisjonen er strukturert med overskrifter og underoverskrifter. Inkluder døme frå verkelegheita."

Prøv sjølv ved å bruke denne malen:

"Du er ein [rolle] som skal hjelpe meg med å lage ein disposisjon for ein [type tekst] om [tema/problemstilling]. Inkluder ein introduksjon og forslag til argument og motargument eg kan fordjupe meg i. Sørg for at disposisjonen er [ønske for struktur/oppsett]. Inkluder døme frå verkelegheita."

B. Presenter ein instruks

Jobb i par. Vel og presenter kvar dykkar instruks som de formulerte og testa ut.

  • Kva svar fekk dykk?

  • Kva synest de om svara?

  • Kva justeringar gjorde de?

  • I kva samanhengar tenker de at de kan bruke instruksen seinare?

C. Del erfaringar med klassen

Del i klassen. Kva erfaringar har de gjort dykk? Opprett gjerne eit delingsdokument der de skriv inn kvar dykkar instruks de testa ut, og ein kommentar om korleis han fungerte.

Relatert innhald

Korleis setje saman ein instruks

Du må tenke på presist språk, rolle og tone, kontekst, format, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar instruksar til praterobotar.

Skrive av Maria Stubhaug.
Sist oppdatert 13.03.2025