Yrke knytte til naturbruk

Dette skal du gjere
Du skal jobbe med temaet i tre delar:
- I del 1 skal du gjere deg kjend med utdannings- og yrkesval innanfor naturbruk.
- I del 2 skal du besøke tre yrkesutøvarar og lære om yrket deira. Læraren sørger for avtalar om besøk hos yrkesutøvarar.
I del 3 skal du lage ein presentasjon som du framfører for klassen.
Del 1: Introduksjon
I denne delen skal du gjere deg kjend med kva du bør tenke over når du skal velje yrke og utdanning.
Oppgåver om å velje yrke
Gå til ressurssida om yrkes- og utdanningsval. Dette er ein ganske omfattande ressurs med mange oppgåver, men arbeidet med denne vil gi deg eit godt grunnlag for å jobbe vidare med temaet i del 2.
Gjer oppgåvene på sida.
Skriv 5–10 setningar om kva du lærte om deg sjølv etter å jobba med oppgåvene. Dette skal vere ein del av presentasjonen din i del 3.
Oppgåver om naturbruk
- Nemn minst ti yrke eller jobbar der ein person på ein eller annan måte arbeider med natur eller naturbruk.
- Skriv tre døme på yrke knytte til naturbruk som ikkje krev høgare utdanning.
- Skriv tre døme på yrke knytte til naturbruk som krev høgare utdanning etter vidaregåande skule.
Skriv forskjellar og likskapar mellom yrka frå oppgåve B og C.
Del 2: Besøk yrkesutøvarar
I denne delen skal du besøke tre yrkesutøvarar og stille desse spørsmåla:
Kva jobbar yrkesutøvarane med, heilt konkret?
Kva utdanningsbakgrunn har personane?
Kva liker desse personane ved yrka sine?
Er det noko i yrka dei synest er utfordrande, eller som dei ikkje liker så godt?
Kven passar desse yrka for?
Kva for nokre personlege eigenskapar krevst?
Spør om du kan få lov til å ta bilete som viser noko av arbeidet personane gjer, og som du kan vise fram i presentasjonen din.

Del 3: Lag ein presentasjon
I denne delen skal du lage ein presentasjon og framføre for klassen. Presentasjonen skal ta for seg svara du fekk etter besøket hos yrkesutøvarane i del 2. I tillegg til desse svara skal du presentere svara dine på spørsmåla nedanfor.
Kvar kan ein utdanne seg til yrka du blei kjend med?
Kva type studiekompetanse krevst dersom yrka krev høgare utdanning? Kor mange poeng du må ha for å komme inn på studiet/studia? Dette finn du ut på sidene til Samordna opptak.
Samanlikn dei tre yrka. På kva måtar er dei ulike? På kva måtar er dei like? Bruk det fann ut i oppgåve D i del 1 dersom det er aktuelt.
Fortel til slutt kva du har lært om deg sjølv etter å ha jobba med stoffet:
Kva bør du tenke på når du skal velje utdanning og yrke? Her må du få med svara dine frå den første B-oppgåva i del 1.
Gav møta med yrkesutøvarane deg eit nytt syn på yrka?
Gjorde du deg nokre nye tankar om ditt eige yrkesval etter besøka?
Kva sit du igjen med av ny kunnskap og nye erfaringar etter arbeidet?