Yrke innan salsfaget

Butikkmedarbeidar
Som butikkmedarbeidar hjelper du kundar og yter service i ulike typar butikkar.
Film: Butikkmedarbeidar
I filmen nedanfor (lengde 2:22) får du eit innblikk i Eirik sitt arbeid som butikkmedarbeidar på Meny. Arbeidsoppgåvene hans er mellom anna å hjelpe kundar, ta imot, skanne og fylle inn varer, og å plassere ut plakatar med produktinformasjon.
Film: Deltidstilsett Kiwi
I filmen nedanfor (lengde 1:15) får du eit innblikk i Vilde sitt arbeid som butikkmedarbeidar på Kiwi. Ho fortel om korleis ho fekk jobben, kva for arbeidsoppgåver ho har, og korleis ho handterer enkelte utfordringar i arbeidskvardagen.
Film: Deltidstilsett Expert
I filmen nedanfor (lengde 1:48) får du eit innblikk i William sitt arbeid som butikkmedarbeidar på Expert. Han fortel mellom anna om jobbintervjuet, prosessen fram til han blei tilsett, og kva han set pris på med arbeidet.
Les meir på utdanning.no om å jobbe som butikkmedarbeidar.
Butikksjef
Som butikksjef har du ansvar for den daglege drifta av ein butikk.
Film: Yrkesintervju – kva gjer ein butikksjef?
I filmen nedanfor (lengde 2:00) er vi med Øyvind på jobb som butikksjef på Rema 1000. Han fortel om motivasjonen for å søke seg inn til ei leiarstilling, og kva han liker og synest er utfordrande i jobben sin.
Les meir på utdanning.no om å jobbe som butikksjef.
Salsmedarbeidar
Som salsmedarbeidar jobbar du med sal, produktrettleiing, kundebehandling og yter service til privatkundar eller bedrifter.
Film: Yrkesintervju – kva gjer ein salsmedarbeidar?
I filmen nedanfor (lengde 2:06) får du eit innblikk i Martine sitt arbeid som salsmedarbeidar på Boys of Europe (no Decades). Ho fortel om arbeidsoppgåvene ho har som salsmedarbeidar, og kvifor ho trivst i jobben.
Les meir på utdanning.no om å jobbe som salsmedarbeidar.
Salskonsulent
Som salskonsulent jobbar du med å distribuere og selje bedrifta sine produkt til marknaden, anten gjennom direkte kontakt med forbrukarar (B2c) eller andre verksemder (B2B).
Film: Seljar
I filmen nedanfor (lengde 2:14) møter vi Thomas som fortel om yrket sitt som salskonsulent for Aas bryggeri. Vi får mellom anna høyre om ulike praktiske arbeidsoppgåver han har i kvardagen, og han fortel om stoltheita han kjenner for verksemda han jobbar i.
Bilseljar
Som bilseljar sel du nye og brukte bilar.
Film: Yrkesintervju – kva gjer ein bilseljar?
I filmen nedanfor (lengde 1:15) blir vi med Joakim på jobb og får eit innblikk i noko av det han gjer. Vi følger han gjennom ulike arbeidsoppgåver i kvardagen, og han fortel om motivasjonen for å jobbe med sal av bil.
Les meir på utdanning.no om jobben som bilseljar.
Feltseljar
Som feltseljar jobbar du oppsøkande, ofte "i feltet" (direkte mot privatkundar på døra eller bedrifter), med fokus på sal, kundeverving eller promotering.
Film: Deltidstilsett Raudekrossen
Sondre arbeider som deltidstilsett feltseljar i Raudekrossen. Arbeidet går ut på å skaffe faste givarar til organisasjonen. Han fortel i filmen nedanfor (lengde 2:16) om korleis han fekk jobben, og kva jobben går ut på.
Salssjef
Som salssjef har du ansvaret for salsverksemda til bedrifta og leier salsteamet.
Film: Yrkesintervju – kva gjer ein salssjef?
I filmen nedanfor (lengde 1:54) blir vi med Jesper på jobb og får eit innblikk i noko av det han gjer. Han fortel om variasjonen i arbeidsoppgåver og arbeidstid, og deler tankar om kva for eigenskapar som eignar seg i jobben.
Les meir på utdanning.no om å jobbe som salssjef.
Kundeansvarleg
Som kundeansvarleg innan sal har du eit overordna ansvar for enkelte kundar.
Film: Yrkesintervju – kva gjer ein kundeansvarleg?
I filmen nedanfor (lengde 2:04) blir vi med Marie på jobb og får eit innblikk i noko av det ho gjer. Ho fortel om breidda ho opplever at yrket består av, og korleis ulike oppgåver og erfaringar ho møter på, kan gi moglegheiter vidare.
Les meir på utdanning.no om å jobbe som kundeansvarleg