Oppgave
Oppgåver om stress og psykisk helse
Kva er forskjellen på positivt og negativt stress? Kva er dei viktigaste årsakene til stress på skulen dykkar, og kva kan du gjere viss ein venn eller venninne viser symptom på langvarig stress? I desse oppgåvene skal de arbeide med stress og psykisk helse.
Diskuter i grupper.
Kva kan de gjere viss ein venn eller venninne viser eitt eller fleire symptom på langvarig og negativt stress? De kan gjerne ta utgangspunkt i filmen "Når det blir for mye" frå Selvhjelp Norge.
Desse oppgåvene er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.